Docstoc

pla240102

Document Sample
pla240102 Powered By Docstoc
					                           MØTEINNKALLING.
Utval:    PLANUTVALET
Møtestad: KOMMUNEHUSET, STOREBØ
Møtedato: 24.01.02   Kl: 15.15

Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 56 18 03 00 Sentraladministrasjonen
Varamedlemar møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen.
Møte er ope for tilhøyrarar.
Saksdokument er lagde ut til offentleg gjennomsyn på Sentraladministrasjonen


                                     SAKLISTE.
Saksnr.    Arkivsaksnr.
           Tittel.

0015/02    02/00109
           MØTEBOKA FRÅ MØTE 10.01.2002.

0016/02    02/00110
           REFERAT OG MELDINGAR

0017/02    01/01534
           GNR. 62 BNR. 078. VINNES. SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ
           KOMMUNEPLANEN SONE A OG C OG PBL. §17-2.

0018/02    01/01339
           GNR. 33 BNR. 072-073. ØKLAND. SØKNAD OM DISPENSASJON –
           PLANUTVALET SI VURDERING ETTER UTTALE - FOR BYGGING AV
           FRITIDSHUS I LNF-OMRÅDE SONE-A.

0019/02    01/01963
           GNR. 37 BNR. 005. AUSTEVOLL. SØKNAD OM DISPENSASJON.
           UTTALESKRIV.


Storebø, 18.01.02


__________________________
Olav P. Årland
Leiar
                                                                               Sak 0015/02



                                SAKSFRAMLEGG.
Sakshandsamar: Steinar Hole                                      Arkiv:
Arkivsaksnr.:  02/00109

MØTEBOKA FRÅ MØTE 10.01.2002.


Saksnr : Utval:                                                    Møtedato.
0015/02 Planutvalet                                                24.01.02

Rådmannen si tilråding:

Møteboka frå møte i planutvalet 10.01.2002 vert godkjent slik ho ligg føre.




Saksdok :

Møtebok frå møte i planutvalet 10.01.2002.

Bakgrunn:

Møteboka frå møte i planutvalet 10.10.2002 er sendt ut.

Vurdering:
                                                                          Sak 0016/02



                              SAKSFRAMLEGG.
Sakshandsamar: Steinar Hole                                 Arkiv:
Arkivsaksnr.:  02/00110

REFERAT OG MELDINGAR


Saksnr : Utval:                                               Møtedato.
0016/02 Planutvalet                                           24.01.02

Rådmannen si tilråding:

Vert lagt ved møteboka.




Saksdok :

1. Hordaland fylkeskommune, brev av 08.01.2002, om kommunale saker etter plan- og
   bygningslova – nye prinsipp for Hordaland fylkeskommune si handsaming.

Bakgrunn:


Vurdering:
                                                                                    Sak 0017/02



                                  SAKSFRAMLEGG.
Sakshandsamar: Randi Jensen                                         Arkiv: BYGG GB 62/0078
Arkivsaksnr.:  01/01534

GNR. 62 BNR. 78. VINNES. SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ
KOMMUNEPLANEN SONE A OG C OG PBL. §17-2 - FRITIDSHUS.
TILTAKSHAVAR: EIRIK BENDIKSEN.

Saksnr :   Utval:                                                      Møtedato.
0105/01    Planutvalet                                                 25.09.01
0131/01    Planutvalet                                                 22.11.01
0017/02    Planutvalet                                                 24.01.02


Rådmannen si tilråding:
Saka vert lagd fram for Planutvalet utan ny tilråding.

Handsaming/vedtak i Planutvalet den 25.09.01 sak 0105/01
Handsaming:
Leiaren føreslo at saka vert utsett til neste møte og at det vert innhenta opplysninger om
fritidsbusetnaden i området.

Framlegget vart vedteke med 6 mot 1 røyst.

Vedtak:
Planutvalet utsett saka til neste møte og ber om at det vert innhenta opplysninger om
fritidsbusetnaden i området.


Handsaming/vedtak i Planutvalet den 22.11.01 sak 0131/01
Handsaming:
Framlegg frå Senterpartiet og Framstegspartiet v/Harald Kristiansen:
”Vurdering:
 Planutvalet handsama saka i møte 25.09.01og valgte å utsetja saka for å innhenta
 opplysninger vedr. fritidsbusetnaden i området. Det viser seg at det er registrert 5 fritidshus i
 området.

Framlegg til vedtak:
Ut frå nemnde opplysninger finn planutvalet å gje dispensasjon frå arealdelen til
kommuneplanen sone A og sone C og PBL § 17.2, for oppføring av fritidshus i omsøkte
område.”

Ved røysting fekk framlegget 5 røyster.
Tilrådinga fekk 2 røyster.
                                                                                   Sak 0017/02

Vedtak:
Ut frå nemnde opplysninger finn planutvalet å gje dispensasjon frå arealdelen til
kommuneplanen sone-A og sone-C og PBL § 17.2, for oppføring av fritidshus i omsøkte
område.

Rådmannen si tilråding til 1. gangs handsaming:
Det faste utval for plansaker har vurdert søknad om dispensasjon motteke 15.08.01 og finn
ikkje å godkjenne søknaden.

Planutvalet viser til saksutgreiinga og grunngjev i medhald av plan- og bygningslova § 7
avslaget med at det ikkje ligg føre særleg grunn for å dispensera frå arealdelen til
kommuneplanen sone-A og sone-C og plan- og bygningslova § 17-2, 100-metersbeltet langs
sjø for oppføring av fritidshus i omsøkte området.



Saksdok :
1. Uttaleskriv frå Fylkesmannen i Hordaland, miljøvern- og landbruksavd., dat. 14.12.01
2. Uttaleskriv frå Fiskerirettleiaren i søre Midthordland, dat. 05.12.01.
3. Uttaleskriv frå Austevoll kommune, Miljø/landbruk, dat. 03.12.01
4. Politisk vedtak sak 0131/01 - saksframlegg/- protokoll., dat. 22.11.01
5. Kart M=1:5000
6. Utsnitt frå arealdelen av kommuneplanen

Bakgrunn:
Planutvalet handsama søknad om dispensasjon i møte 22.11.01, sak nr. 0131/01 og gjorde
følgjande vedtak:

”Ut frå nemnde opplysninger finn planutvalet å gje dispensasjon frå arealdelen til
kommuneplanen sone-A og sone-C og PBL §17-2, for oppføring av fritidshus i omsøkte
område.”
Før kommunen har høve til å gje dispensasjon skal fylkeskommunen og statlege styresmakter
dersom deir område vert direkte berørt, ha hatt høve til å uttale seg i saka.

Saka vart difor sendt på uttale og det ligg føre uttale frå desse fagorgana:

 Fylkesmannen i Hordaland, miljøvern- og landbruksavd.
 Fiskerirettleiaren i søre Midthordland
 Austevoll kommune, miljø/landbruk


Vurdering:
Fylkesmannen i Hordaland, miljøvern- og landbruksavd. opplyser om at klageretten ikkje
vert sett til sides med denne uttalen. Og strid vedtaket mot sentrale prinsipp om rettstryggleik
eller medverker til at ei planmessig styring av arealbruken vert vanskeleggjort, kan vedtaket
bli påklaga.
                                                                                   Sak 0017/02

Fiskerirettleiaren kan ikkje sjå at omsøkte tiltak vil skapa noko interessekonflikt.

Austevoll kommune, miljø/landbruk opplyser at parsellen ligg i LNF – A-område, der det er
tillatt med spreidd bebyggelse, både i den noverande og den framlagde kommuneplanen, og
det bør såleis ikkje koma på tale å gje samtykke til plassering av fritidshus i dette området.
Arealet må haldast på til bustadtomter.

Omsøkte tiltak er i strid med gjeldande retningsliner for arealdelen av kommuneplanen sone-
A og sone-C og PBL § 17-2 i plan- og bygningslova, 100-metesbeltet langs sjøen. I framlegg
til ny kommuneplan er det ikkje føreslege endringar som fører til at området vil få ein annan
arealbruk.

Det faste utval for plansaker må vurdere om dei vil halde fast på vedtak gjort i møte 22.11.01,
sak 0131/01 eller om dei vurderer tiltaket til å kunne medverke til at ei planmessig styring vert
vanskeleggjort.
                                                                                   Sak 0018/02



                                 SAKSFRAMLEGG.
Sakshandsamar: Aud Jorunn Klepsvik                                 Arkiv: BYGG GB 33/0072
Arkivsaksnr.:  01/01339

GNR. 33 BNR. 072-073. ØKLAND. SØKNAD OM DISPENSASJON –
PLANUTVALET SI VURDERING ETTER UTTALE - FOR BYGGING AV
FRITIDSHUS I LNF-OMRÅDE SONE-A.


Saksnr :   Utval:                                                     Møtedato.
0093/01    Planutvalet                                                16.08.01
0134/01    Planutvalet                                                22.11.01
0018/02    Planutvalet                                                24.01.02

Rådmannen si tilråding:
Saka vert lagt fram utan ny tilråding.

Handsaming/vedtak i Planutvalet den 16.08.01 sak 0093/01
Handsaming:
Framlegg frå Framstegspartiet v/Harald Kristiansen:
”Etter ei heilhetleg vurdering i denne saka vil utvalet gje dispensasjon for oppføring av
 fritidsbustad på omsøkt tomt.”

Framstegspartiet sitt framlegg fekk 1 røyst.

Vedtak:
Det faste utval for plansaker har vurdert søknad motteke 03.07.01 om dispensasjon frå
arealdelen til kommuneplanen sone-A for oppføring av fritidsbustad på gnr. 33, bnr. 72 og 73,
Økland.

Planutvalet viser til saksframstillinga og gjev i medhald av kommuneplan og plan- og
bygningslova § 7 ikkje dispensasjon eller samtykke til oppføring av fritidsbustad i eit sterkt
utbygd bustadområdet.

Handsaming/vedtak i Planutvalet den 22.11.01 sak 0134/01
Handsaming:
Framlegg frå Senterpartiet og Framstegspartiet v/Harald Kristiansen:

”Vurdering:
 a) Søkjar har løyve til oppføring av bustadhus på omsøkt område, men p.g.a. private
    omstende har søkjar etablert seg i Bergen. Det blir ikkje aktuelt for søkjaren å oppføre
    bustadhus, men i staden oppføre eit fritidshus på staden.
 b) Det er ein misvisande framstilling i administrasjonen sin saksframstilling når ein på står
    at bygget blir oppført i eit sterkt utbygd bustadområde
 c) Det må også verta teke med i vurderinga at i nemnde område er det allereie 5 fritidshus.
                                                                                      Sak 0018/02

 d) Oppføring av omsøkte fritidshus vil ikkje verta til sjenanse for den eksisterande
    bebyggelse.

 Det er i dette høve, ut frå § 7 i PBL, ei grei sak å gje dispensasjon frå arealdelen til
 kommuneplanen sone-A for oppføring av omsøkte fritidshus.

 Framlegg til tilråding:
 Det faste utval for plansaker gjev Kjersti Eidsheim dispensasjon frå kommuneplanen sone-A
 for oppføring av fritidsbustad på gnr. 33 bnr. 72-73, Økland.”

 Ved røysting fekk framlegget 5 røyster.
 Tilrådinga fekk 2 røyster.

Vedtak:
Det faste utval for plansaker gjev Kjersti Eidsheim dispensasjon frå kommuneplanen sone-A
for oppføring av fritidsbustad på gnr. 33 bnr. 72-73, Økland.

Rådmannen si tilråding til 1. gangs handsaming:
Det faste utval for plansaker har vurdert søknad motteke 03.07.01 om dispensasjon frå
arealdelen til kommuneplanen sone-A for oppføring av fritidsbustad på gnr. 33, bnr. 72 og 73,
Økland.

Planutvalet viser til saksframstillinga og gjev i medhald av kommuneplan og plan- og
bygningslova § 7 ikkje dispensasjon eller samtykke til oppføring av fritidsbustad i eit sterkt
utbygd bustadområdet”.




Saksdok :
1. Uttaleskriv frå Fylkesmannen i Hordaland, miljøvern- og landbruksavdelinga motteke
   17.12.01.
2. Uttaleskriv frå Miljø- og landbrukskontoret, her motteke 03.12.01
3. Kart M=1:5000, 1:2000

Bakgrunn:
Kjersti Eidsheim påklagar kommunen sitt vedtak sak 0093/01 og saka vart lagt fram for
planutvalet som fann å ta klaga til følgje, jf. vedtak sak 0134/01.

Saka vart sendt på uttale til fylkeskommunen og berørte statlege styresmakter.

Vurdering:
Det ligg føre uttale frå miljø/landbrukskontoret og Fylkesmannen i Hordaland.

Miljø/landbrukskontoret viser til tiltaket si plassering innanfor LNF-området og at det difor
ikkje bør opna for bygging av fritidshus og viser vidare til retningsliner i kommuneplanen.
                                                                                   Sak 0018/02

Miljøvern- og landbruksdavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland har ikkje særskilde
kommentarar til saka, men vil dersom det kjem fram fleire opplysingar som tyder på at
regionale eller nasjonale miljøverdiar blir råka, vil dei klaga på vedtaket.

Planutvalet sitt vedtak om å dispensera frå arealbruken i området vil medverke til at ei
planmessig styring vert vanskeleggjort i kommunen.

I forslag til ny kommuneplan er omsøkte tiltak lokalisert innanfor LNF-området for
Økland/Taranger der det i heile planperioden kan byggjast 9 bustader.

Planutvalet må vurdere om dei vil halde fast på vedtak i sak 0134/01.
                                                                                    Sak 0019/02



                                 SAKSFRAMLEGG.
Sakshandsamar: Aud Jorunn Klepsvik                                  Arkiv: BYGG GB 37/0005
Arkivsaksnr.:  01/01963

GNR. 37 BNR. 005. AUSTEVOLL. SØKNAD OM DISPENSASJON.
UTTALESKRIV. TILTAKSHAVAR: NILS ØSTERVOLD M/FL.

Saksnr : Utval:                                                       Møtedato.
0130/01 Planutvalet                                                   22.11.01
0019/02 Planutvalet                                                   24.01.02

Rådmannen si tilråding:
Saka vert lagt fram utan ny tilråding.


Handsaming/vedtak i Planutvalet den 22.11.01 sak 0130/01
Handsaming:

Vedtak:
Det faste utval for plansaker har vurdert søknad om dispensasjon og finn i medhald av plan-
og bygningslova § 7 å dispensera frå arealdelen til kommuneplanen LNF-område sone-C og
100-metersbeltet langs sjø PBL § 17.2.

Planutvalet grunngjev dispensasjonen med den samfunnsnytta omsøkte tiltak vil gi.

Før endeleg godkjenning vert saka sendt på uttale til Hordaland fylkeskommune og andre
berørte statlege styresmakter.

Planutvalet har ikkje vurdert plassering og utforming av vegtrasèen i forhold til tiltaket sin
funksjon. Med tanke på dei fyllingar og skjeringar eit slik tiltak kan få i landskapet og for å
imøtekoma merknader frå nabo bed planutvalet om at det vert teke synfaring på staden for
vurdering av søkjar sitt forslag til trasè.




Saksdok :
1. Uttaleskriv frå miljø/landbruk, her motteke 30.11.01
2. Uttaleskriv frå Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvern- og landbruksavd., motteke 17.12.01
3. Uttaleskriv frå Kystverket motteke 28.12.01
4. Uttaleskriv frå Fiskeridirektoratet, region Hordaland, motteke 10.01.02
5. Oversiktskart veg og kai M=1:5000

Bakgrunn:
Saka vart lagt fram for planutvalet i møte 22.11.01 sak nr. 0130/01 før saka vart sendt til
uttale.
                                                                                 Sak 0019/02

Det ligg nå føre uttale frå følgjande uttaleorgan:

   Austevoll kommune, miljø/landbruk
   Fylkesmannen i Hordaland, miljøvern- og landbruksavd.
   Kystverket
   Fiskeridirektoratet region Hordaland


Vurdering:
Ved vurdering av søknaden vert gjeldande kommuneplan lagt til grunn.

Deler av vegtrasèen er lokalisert innanfor LNF-område sone-C. Vidare vil den berøre områder
som i kommunedelplan 1 for del av Hundvåkøy er avmerka som industriområdet der tiltak
ikkje vert tilleten før det ligg føre godkjend reguleringsplan.

Fiskeridirektoratet har ikkje merknader til at det vert gjeve dispensasjon i høve planlagd
vegtrasè.
Kystverket har ingen merknader til at det vert gjeve dispensasjon.
Fylkesmannen i Hordaland, miljøvern- og landbruksavd. meiner at tiltaket er så
omfattande og det ligg i eit viktig område (100-metersbeltet langs sjø) at det er eit
reguleringspliktig tiltak. Fylkesmannen rår kommunen til å utarbeide ein reguleringsplan for
området då det vil gi Planutvalet eit betre grunnlag for å vurdere plassering og utforming av
både vegtrasèen og kaianlegget.
Miljø/landbruk, her peiker på at inngrepet i området er av eit så stort omfang at det er
nødvendig med reguleringsplan før det vert bygd noko her.

I forslag til ny kommuneplan er området lagt fram som E-område - næring med plankrav.
Etter kommunen si vurdering tyder det og på at tiltaket vil kunne berøre områder som i
forslaget til ny kommuneplan er avsett til B-område – område for bustad med krav om
reguleringsplan.

Det er stor aktivitet i denne del av kommunen og Planutvalet må vurdere om utarbeiding av
reguleringsplan for heile dette området med Tangneset og Tangbukta på ein betre måte vil
kunne taka i vare grunneigarane sine interesser her. Utvalet må vurdere om ein slik
reguleringsplan bør omfatte området i Torangsvåg og.

				
DOCUMENT INFO
Shared By:
Categories:
Tags:
Stats:
views:8
posted:7/5/2011
language:Norwegian
pages:11