Aal

Document Sample
Aal Powered By Docstoc
					Målsetjingar om energi i Ål kommune, pr 29.8.03:

KOMMUNEPLANEN FOR ÅL 2002-2014
2.5 NATURRESSURSAR
Status                         Mål                                                  Tiltak/forvaltning
KLIMA: Innlandsklima.          Minst oppfylle vår del av Noreg sine forpliktingar   Utarbeide ei analyse
Middeltemp 2,3 oC,             om å redusere menneskeskapt utslepp av               av korleis Ål
årsnedbør:6-700 (minst om      klimagassar med 5% i høve til utsleppa i 1990        samfunnet kan
våren, størst om vinteren)     innan år 2010. Oppfylle FN sitt klimapanel si        redusere sine
Klimagassutslepp pr innb/år:   tilråding om minus 30% utslepp i 2030.               klimagassutslepp
7.2 tonn                                                                            med 30% i 2030.
ENERGI:                        Redusere totalt energiforbuk i Ål med minst 10%      Arealdelen, ENØK-
                               innan 2014 og ta i bruk nye fornybare                plan for kommunale
                               energikjelder (t.d. varmepumpe, solvarme,            bygg
                               bioenergi)


3.5.2 Kommunale bygningar og anna eigedom
Forbruket av elektrisk straum i kommunale bygg er på omlag 2,9 Gwh i året (1999-tal).
Enøkplanen som vart vedteken av kommunestyret k-sak 73/01 omfattar dei 9 største bygga i
kommunen. Det er innført energioppfølgjing (registrering av utetemperatur, energiforbruk og
driftstid) for dei 4 største bygga: Ål helse- og sosialsenter, Ål ungdomsskule, Ål idrettshall og
Nedre Ål skule. Det er realistisk å utløyse eit sparepotensiale på 230 000kWh/år i 4 av dei
utvalgte bygga i perioden 2002-2005. Med ein energipris på 45 øre/kWh utgjer
sparepotensialet omlag 100 000 kr pr. år.

Mål:
Energibruken i kommunale bygg skal minke med 8 % innan utgangen av 2005.
Energisparande tiltak som løner seg skal verte kartlagt og gjennomført slik at driftskostnadane
vert redusert utan at dette går ut over ytre miljø, inneklima og andre funksjonskrav til bygga.
Dei tiltaka som blir vald ut, skal ha inntjeningstid på 10 år eller mindre. Tiltaka kan då
lånefinansierast og likevel løne seg for Ål kommune (annuitetslån til 8% rente).

Difor skal kommunen:
 Etablere energioppfølgingssystem for følgjande bygg: Torpo skule i 2002, Leveld skule i
   2003, Tingstugu i 2004 og Sando skule i 2005.
 Delta på tematreff og kurs om ENØK for driftspersonale

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN FOR ÅL 2002-2014
2.1 Generelt for område der det er tillatt med nye fritidshus:
Maksgrense strauminntak:
For nye fritidshus er det ikkje tillatt å ha elektrisk oppvarming utvendig og ikkje meir enn
100 W til elektrisk utandørs lys.

6.5.4 Energiplan
For utbygging av nye bustadfelt og område for fritidshus med meir enn 10 einingar skal det
utarbeidast eige energiplan som viser tiltak for å redusere energiforbruket og korleis
alternative energiformer kan takast i bruk for å minke trongen for fossilt brensel (olje, kol,
gass) og elektrisk kraft.