Docstoc

Liten tunnel – stor visjon (DOC)

Document Sample
Liten tunnel – stor visjon (DOC) Powered By Docstoc
					Liten tunnel – stor visjon

Vedtaket om Jondalstunnelen er viktig for alle som ønskjer ein 100 km kortare stamveg Oslo-Bergen, skriv Olav Kobbeltveit.

AUST-VESTVISJON: E134 har potensial til å bli det mest populære sambandet aust -vest. Stipla line er planlagd tunnel mellom Seljestad og Vågslid. Raud line er planlagd innkorting Sokna-Ørgenvika. ILLUSTRASJON: TOR SPONGA

TYSDAG VEDTOK Hordaland fylkesting å byggja Jondalstunnelen frå Torsnes i Jondal til Nordrepollen i Kvinnherad. Han er 9,5 km lang og skal kosta 822 millionar. I prinsippet har dette vore eit fylkesvegprosjekt, og sånn sett lite påakta. Men prosjektet har vore motarbeidd og trenert og gjort til gjenstand for ei rekkje taktiske manøvrar. Det er fordi Jondalstunnelen er ein avgjerande bit i eit større prosjekt – som tek sikte på å utfordra alle dei andre aust-vest-sambanda. Dei som kjempar for Haukelivegen har gode kort på handa. Striden om Jondalstunnelen har for ein del blitt framstilt som ein krangel mellom ulike tunnelalternativ, som i vekslande grad tek omsyn til miljøet i Nordrepollen. Fylkestinget valde det nest beste – og det nest dyraste – alternativet. Det påfører Nordrepollen berre mindre skade. Men den underliggjande striden har stått om korvidt fylkestinget skulle byggja ein tunnel som – på sikt – vil gje eit aust-vest-samband snautt hundre kilometer kortare enn dei som ligg der i dag. Det blir ei krevjande utfordring både for Hardangervidda og Filefjell. E134 over Haukeli – eller gjennom – har gode sjansar til å bli det mest populære sambandet mellom austland og vestland. BERGENS MANGLANDE engasjement for eksisterande og nye aust-vest-samband skulle bli dåverande samferdsleminister Kjell Opseth til stor hjelp. Han innhenta opplysningar som tilsa at eit samband til Oslo, som skulle gå over høgfjellet, ville vera mest vintersikkert over Filefjell. Så bygde han sambandet innom Sogn, med ein spektakulær tunnel frå Aurland til Lærdal. Denne sognesløyfa gjer ikkje sambandet spesielt kort. På den andre sida har erfaringane vist at Opseth hadde rett: Filefjell er det vintersikraste sambandet. Det konkurrerande sambandet over Hardangervidda – inkludert Hardangerbru – la Opseth til sides. Nye konstellasjonar på Stortinget har henta det fram igjen, og no er bruarbeidet i gang. HARDANGERBRUA ER snart ein realitet. Men kor stor trafikk brua får, og kor viktig ho blir i ein nord-sør eller aust-vest-samanheng, er uvisst. Tungtrafikken over Hardangervidda er fallande. Det same er personbiltrafikken over Bruravik-Brimnes. Faren for dette sambandet er at det fell mellom to stolar. Jan Ove Halsøy – leiar i Norges Lastebileierforbund avd. Hordaland – sa til Haugesunds Avis før jul at den planlagde milliardbrua er basert på eit trafikkmønster som eksisterte for 10-15 år sidan. Han stadfestar at tungtrafikken mellom aust og vest vender ryggen til Hardangervidda og den framtidige Hardanger brua. «Når det gjelder Hardangervidda, vil vi bare se en ytterligere reduksjon i tungtrafikken. Det er en håpløs og farlig fjellovergang, og vi vet at den vil bli nedprioritert», sa Halsøy til avisa. Lastebileigarforbundet krev at Vegvesenet konsentrerer brøyteinnsatsen om Haukeli og Filefjell, og vinterstengjer dei to andre (Hardangervidda og HolAurland). Det er dramatisk. Men det er ei kjend sak at kolonnekøyring på Hardangervidda er særleg utfordrande, med 35 km mell om bommane og ingen tunnel å søkja ly i undervegs. OGSÅ OPSETHS STAMVEG skal få merka suget frå ein modernisert E134 over Haukeli, der Haukelivegens vener har store planar. Pkt. 1: Vesentleg innkorting av dagens Haukelitrasé, til 380 km mellom Oslo-Bergen. Pkt. 2: Ein 25 km lang tunnel frå Røldal til Vågslid i Telemark, som gir berre ein prosent stigning, frå 600 moh ved Røldal til 840 moh ved Vågslid. Då snakkar vi om eit aust-vest-samband utan høgfjellsovergang. Pkt. 3: Byta ut ferja frå Jondal til Kvam med ny bru. Det kjem til å kosta ein del milliardar. Men det gir også store innsparingar. Og notabene – alt i dag er det Haukelitraséen som har størst trafikk vinterstid, med rundt 800 bilar i døgeret. Eit av dei kinkige konkurransemomenta mellom Jondalstunnelen og Hardangerbrua er konsekvensane for trafikken Odda – Bergen. I dag er avstanden rekna til 159 km. Om oddingane køyrer via Jondalstunnelen nærmar avstanden seg 100 km. I ei spørjeundersøking har eit stort fleirtal av oddingane sagt at dei i framtida kjem til å velja Jondalstraséen – og ikkje Hardangerbrua – når dei skal til Bergen.

Også der ligg sprengkrafta i den vesle Jondalstunnelen, fordi så mange har forstått at han kjem til å stela trafikk frå Hardangerbrua lenger inne i fjorden. Men dette var nok meir betent før stortingsfleirtalet hadde sikra Hardangerbrua. Fylkestingsvedtaket om Jondalstunnelen er viktigare enn det ser ut som. Det kan leggja grunnlaget for ein ny æra for E134 Haukelivegen, fordi dette sambandet har potensial til å bli det mest populære mellom aust og vest.


				
DOCUMENT INFO
pptfiles pptfiles
About