Info by peirongw

VIEWS: 8 PAGES: 2

									http://skule.stord.kommune.no/sagvaag/

NR 11

Informasjon til heimen

Fredag 8.februar 2002

Attgløymde klede
Det står korger med attgløymde klede i begge etasjane ved Sagvåg skule. Alt dette er klede som elevane har gløymd i løpet av hausten og vinteren! Ta ei tur innom skulen dersom de saknar noko!

Skal de nytta SFO-tilbodet 2002/03?
Saman med dette skrivet får de som har elevar i 1.-4.klasse 02/03 eit spørjeskjema om korleis me bør organisera SFO-tilbodet det neste skuleåret. Dersom brukarane er nøgde med forsøksordninga me har gjennomført dette skuleåret, kan det godt henda at dette vert ei permanent ordning.

Frukt og mjølk

Fleksitid 2002/03?
Spørjeundersøkinga som me gjennomførte før jul viste at eit stort fleirtal av elevane og foreldra var svært nøgde med forsøket med ny organisering av skuledagen. No har også det pedagogiske personalet uttalt seg. Også frå desse er signala i det store og heile positive. Etter nokre justeringar vil saka no bli lagt fram for FAU og SU. Dersom me får positive tilbakemeldinga også her, kjem me nok til å søkja om å få føra forsøket vidare også skuleåret 2002/03.

53% av elevane ved Sagvåg skule har nytta tilbodet om skulemjølk, og heile 73% har skulefrukt. Dersom de angrar på at de ikkje har tinga frukt eller mjølk, er det endå ikkje for seint å tinga. Ta kontakt med skulen og få skjema for tinging. De finn også skjemaet her:
http://skule.stord.kommune.no/ sagvaag/frukt_tinging.htm

Økonomi
Tiltaka som skal bringa driftsutgiftene i Stord-skulen ned på budsjettnivå er no sett ut i live. Vikarbehovet vert dekka med interne omdisponeringar av personalet. Dette vert gjort ved at ein reduserer bruken av tolærarsystem, og ved at elevar med tildelte ressursar til spesialundervisning har fått reduksjon av desse timane med inntil 10% våren 2002. Desse tiltaka skal saman med ei løyving til omstilling i Stordskulen vonleg bringa økonomien i ballanse igjen.

Forbode med m.a. ”UFO-brett” på Sagvåg skule!
Snøen kjem og går, men når det er snø er det svært populært å ta med akebrett på skulen. Det er sjølvsagt kjekt at elevane leikar i snøen, men for å unngå alvorlege ulukker må me be om at de ikkje tek med "UFO-brett" og heller ikkje store akebrett med ratt. Me har berre ein liten bakke bak skulen som det er mogleg å aka i. Her kan det lett skje ulukker dersom 157 elevar skal leika med store akebrett, eller snurra nedover bakken med ufo-brett. SFO hadde to UFO-brett. Desse har me no kasta etter oppslag i media om alvorlege skadar i samband med bruk av desse bretta. Bruk "rumpeakebrett" eller plastposar!
Sjå også NRK: ”Åtvarar mot UFO-brettet” http://www.nrk.no/kanal/nrk1/fbi/1592799.html

Info-skriv på nett
Dette er info-skriv nr 11 frå skulen dette skuleåret. Alle skriva finn du på:
http://skule.stord.kommune.no/ sagvaag/infoskriv.htm -rektor-

Fint om de svarar innan: ONSDAG 13.FEBRUAR

Til foreldre med elevar som har planar om å nytta SFO i 1.-4.kl 2002/03
SPØRJESKJEMA OM SFO 2002/03 Sagvåg skule
– Levér arket med eleven, 1.kl 02/03 kan nyttar vedlagt svarkonvolutt.

Barnet sitt namn:

Klasse 02/03:

Under ser de dei to modellane.
Det er fint om de som har planar om å nytta SFO 02/03 fyller ut begge skjemaa. Då får me sjå korleis dei to modellane vil ”slå ut”.

MODELL 1 (Standard ordning/prising i Stord kommune 2002/03)
Behov for plass: eller: I.  heil plass (kr 1500,- pr mnd)

II.  halv plass (kr 800,- pr mnd)
 oddetalsveker eller  partalsveker

Utvida brukarår:  Dette er eit tilbod der de kan få nytta SFO heile dagen dei dagane elevane elles har fri.
Prisen er kr 1500,- for dei 20 dagane
Haustferie: 9/10, 10/10,11/10 || Kursdag: 7/11, 8/11 || Juleferie 27/12, 30/12 Første dag etter juleferien: 2/1,3/1 || Kursdag 7/2 || Vinterferien: 3/3,4/3, 5/3, 6/3,7/3 Påskeferien:14/4, 15/4, 16/4 || Fridag skule: 2/5, 30/5 (Desse dagane er tilbodet ope samanhengande frå 07:15-16:00)

MODELL 2 (”Sagvåg skule-modellen” 2002/03)
Kryss av slik de vil nytta tilbodet:
kl 07:15-08:30 kr 30,- pr dag kl 13:30-16:00 kr 50 ,- pr. dag

M  

Ty  

O  

To  

F  

(kr 1600,- pr mnd for heil plass)

Utvida brukarår:
Dette er eit tilbod der de kan få nytta SFO heile dagen nokre av dei dagane elevane elles har fri. Prisen er kr 115,- pr dag. (Desse dagane er tilbodet ope samanhengande frå 07:15-16:00)

Me ynskjer å nytta utvida tilbod desse dagane: (Set kryss på dei dagane de vil nytta) Haustferie: 9/10 10/10 11/10 Kursdag: 7/118/11 2002 Juleferie: 27/12 30/12 Første dag etter juleferien: 2/13/1 Kursdag 7/2 2003 Vinterferien: 3/4 4/4 5/4 6/4 7/4 Påskeferien: 14/415/4 16/4 Fridag skule: 2/530/5

Me vil helst at skulen skal nytta

 MODELL 1

 MODELL 2

20/3/2001 12:11


								
To top