Mal � Prosjektplan

Document Sample
Mal � Prosjektplan Powered By Docstoc
					    Prosjektplan
                        for


Undervisningsheimetenesta
      i Troms 2010




    v/ prosjektleiar Elisabet Sausjord - mars 2010

                          1
1.     Innleiing
Kvaløya og Nordøya heimeteneste i Tromsø kommune søkte og fekk oppdraget med å
etablere undervisningsheimeteneste i Troms fylke. I tildelingsbrevet frå Helsedirektoratet
datert 16.09.10 står det:

”Ved valget av Tromsø kommune er bl.a følgende lagt til grunn:
Søknadens hovedmålsetting er bl.a. å utvikle virkningsfulle, trygge og sikre tjenester til
stadig nye brukergrupper og utvikle tilpassede læringsmiljø i en hjemmetjeneste med
geografiske utfordringer og kompleksitet i brukergruppen. Brukergruppen omfatter bl.a.
psykisk utviklingshemmede, fysisk funksjonshemmede, personer med demens og alvorlig
syke og døende. Ved etablering av undervisningshjemmetjenester i Tromsø har man
geografisk nærhet til utdannings – og forskningsinstitusjoner og man drar nytte av
erfaringene gjort ved undervisningssykehjemmet. Søknaden er forankret hos rådmann og
kommunalsjef og skal fremmes som orienteringssak til helse- og omsorgskomiteen.

Tilskuddet er ment å dekke:
    - Utvikle virkningsfulle, trygge og sikre tjenester til nye brukergrupper
    - Utvikle tilpassede læringsmiljø i en hjemmetjeneste med geografiske utfordringer
       og kompleksitet i brukergruppen
    - I samarbeid med undervisningssykehjemmet delta i fagutvikling og forskning og
       etablere gode rutiner og systemer for erfaringsoverføring av kompetanse
    - Heve kvaliteten i dag- og avlastingstilbudene”



2.     Bakgrunn

Etablering av undervisningsheimetenester er ei nasjonal satsing på fag- og
kompetanseutvikling og eit viktig tiltak for å vidareutvikle omsorgstenestene i tråd med
Omsorgsplan 2015.
Å omdanne konkret erfaring til kunnskap som grunnlag for fagutvikling, organisering,
prioritering og leiing er ei viktig oppgåve for dei kommunale tenestene. Difor lanserte
regjeringa undervisningsheimetenester i alle fylka i landet, som skal bidra til å heve
kvaliteten og kompetansen i de kommunale heimetenestene.
Dei nye undervisningsheimetenestene skal stimulere til fagutvikling og forsking og
utvikle gode læringsmiljø. Dette kan gi bidrag til å heve det faglige nivået og den faglige
prestisje, samt styrke rekruttering av kompetente medarbeidarar.
Undervisningsheimetenesta skal tene som modellar for heimetenester i heile Troms fylke
og bidra til spreiing av kunnskap og faglige ferdighetar.

Heimetenesta i Tromsø kommune er organisert i 8 resultateinheiter. Tenestemottakarar:
ca 1450 brukarar. Årsverk: omtrent 700


                                             2
Tenesta er geografisk inndelt i 4 områder ordinær heimeteneste. Dei andre tenestene er
målgruppeorganisert
   1. Rus og psykiatri - med målgruppefokus
   2. Ordinær hemmeteneste: omsorgstenesta Fastlandet, omsorgstenesta Sentrum,
       Nordøya heimeteneste
   3. Kvaløya heimeteneste som også organiserer tilbod til utviklingshemma innafor
       sitt geografiske område
   4. Omsorgstenesta Sørøya som har ansvar for tilbod til utviklingshemma på halve
       Tromsøya og Fastlandet
   5. Omsorgstenesta Langnes med ansvar for tilbodet til
       utviklingshemma på den nordlege halvdelen av Tromsøya
   6. Rehabiliteringstenesta gir tilbod om enkeltståande fysioterapi og ergoterapi samt
       avgrensa rehabiliteringstilbod i heimen til pasient/ brukar.

Langsiktige planar for utvikling av helse- og omsorgstjenestene i Tromsø er:
   1. Handlingsplan for eldreomsorga
   2. Plan for funksjonshemma
   3. Handlingsplan for psykisk helsearbeid
   4. Rusmiddelpolitisk handlingsplan
   5. Handlingsplan mot vold i nære relasjoner
   6. Påbegynt arbeid med demensplan
   7. Plan for koordinering av tenestene
   8. Rekrutterings- og kompetanseplan 2010-2030 er under utvikling
   9. – og Opplæringsplan for 2009-2010 er laga
   10. Andre dokumenter som det er nyttig å trekke inn er for eksempel bolig-sosial
       handlingsplan.

Kvaløya og Nordøya heimeteneste representerer saman nesten heile mangfaldet innan ei
heimebasert omsorg med stor kompleksitet når det gjeld tenester, brukargrupper og
geografiske utfordringar. Difor vil einheitene kunne tene som gode modellar for
utprøving av fagutviklingsprosjekt. Undervisningsheimetenesta i Troms (UHT) har
ansvar for å jobbe mot kommunar i heile Troms fylke.

Troms fylke består av 25 kommunar frå Bardu i sør til Karlsøy i nord. I Troms møtes tre
ulike kulturar, den norske, samiske og kvenske. Heimetenesta i Troms møter på store
distriktsutfordringar og ein stor del av kommunane er små i folketal. 18 av kommunane
har eit innbyggartal på under 5000.




                                           3
3.     Mål og tiltak for UHT

Overordna mål med etablering av undervisningsheimetenester:
”Etablering av undervisningshjemmetjenester er en ny omfattende satsing innen helse-
og omsorgstjenesten hvor det gis tilskuddsmidler over statsbudsjettet til særskilte
utviklingstiltak.
Tiltaket har som formål å stimulere til:
    • fagutvikling
    • praksisnær forskning
    • utvikling av gode læringsmiljøer
    • økt kunnskap om tjenestens behov for kompetanseutvikling

Gjennomføring av tiltaket skal samlet gi en styrket faglig kompetanse
og bidra til kvalitetsutvikling i hjemmetjenesten. Det skal samtidig
legges vekt på utvikling av ny kunnskap om:
    • brukermedvirkning
    • organisering og bemanning av tjenestene.

Hjemmetjenesten er en voksende del av helse- og omsorgstjenestene,
og behovet for helsetjenester i brukergruppen er økende.
Hjemmetjenesten har en viktig rolle i omsorgskjeden, og en velfungerende og
kompetent hjemmetjeneste vil bidra til effektiv ressursbruk og, når
tjenestemottaker ønsker det, gi mulighet for oppfølging og behandling i
hjemmet som alternativ til institusjon.
Både planlegging av kompetansesammensetting og iverksettelse av
kompetansehevende tiltak er nødvendig for å kunne møte forventninger, krav
og utfordringer i dagens og fremtidens hjemmetjenester”.

                                                           Helsedirektoratet våren 2009




                                            4
3.1. Utvikle verknadsfulle, trygge og sikre tenester til nye
brukargrupper


Tiltak 2010:

3.1.1. Avklare kven dei nye brukargruppene i heimetenesta er og kva utfordringar
       ein ser i høve til dei
I stortingsmelding nr 47 (Samhandlingsreforma) peikar ein på utfordringar i auking av
gruppa eldre, fleire med kroniske sjukdomar som til dømes KOLS og diabetes. Demens,
kreft og psykiske lidingar er sjukdomar i sterk vekst. Det vil komma eit auka krav om å gi
tenester til nye brukargrupper og behov for auka fagkompetanse knytt til dette. UHT vil
gjennom epost og telefonkontakt søke å få greie på kva dei ulike kommunar i Troms ser
som utfordringar i høve til heimetenesta i sin kommune. Utifrå dette kan ein i 2011 og
framover til 2015 velje ut og jobbe målretta med å utvikle betre helse- og sosial tilbod til
enkelte grupper som krev styrking av det faglege tilbodet. Samarbeid med universitet og
spesialisthelseteneste vil vera sentralt i dette arbeidet

3.1.2. Vera med på oppstart av prosjekt om utvikling av tilbod til unge personar
      med demens i Tromsø kommune
Tromsø kommune har ein utfordring i å møte behovet til unge personar med
demenssjukdom og har til no ikkje hatt noko tilfredstillande tilbod. UHT vil gå inn i
arbeidet med det planlagde prosjektet ”Møteplassen” ved Nordøya heimeteneste

3.1.3. Vera med på oppstart av prosjekt om utvikling av tilbod til unge vaksne med
       psykososiale tilpassingsbehov
Tromsø kommune ser ein utfordring i høve til ei ny gruppe unge menneske som vil få
bruk for fagleg tilrettelagte heimetenester. UHT vil bidra i det planlagde prosjektet
”Sjølvstendiggjering av Unge Vaksne” ( SUV) ved Kvaløya heimeteneste

3.1.4. Skaffe oversikt over finansieringskjelder og finne ut korleis ein kan søke
       midlar til utviklingsarbeid i heimetenesta i Troms fylke
Då UHT ikkje rår over så mykje midlar er det svært viktig at me kan vera ein ressurs for
praksis når det gjeld å finne andre finansieringskjelder og tilby hjelp til søknader.
Fylkesmannen og Senter for omsorgsforsking vil vera viktige ressursar i dette arbeidet.




                                             5
3.2. Utvikle tilpassa læringsmiljø i ei heimeteneste med geografiske
   utfordringar og kompleksitet i brukargruppa

Tiltak 2010:

3.2.1. Starte opp prosjekt for å utvikle arbeid med Fagutvikling og
       kompetanseheving i praksis - ved Nordøya og Kvaløya heimeteneste

Inntrykket er at opplæring av personalet i heimetenesta kunne vore meir systematisk enn
situasjonen er i dag. Difor ynskjer ein å starte eit prosjekt i regi av UHT der ein
undersøker behovet for, utviklar og prøver ut eit meir kontinuerlig og heilheitleg system
for fagutvikling og opplæring. Ein vil bruke Nordøya og Kvaløya heimeteneste som
modell for utprøving.

Prosjektet kan ikkje gjennomførast i 2010 men me ser det som viktig å starte opp dette
arbeidet i år. Me vil lage prosjektgruppe og kartlegge noverande læringsarenaer,
fagutviklingsarbeid og kompetansehevingstiltak. Dei lokale Fagkonsulentane og
ansvarleg for kompetanseplan i kommunen er sentrale i dette arbeidet, og det skal sjåast i
samanheng med Tromsø kommune sin Opplæringsplan og Strategiplan for rekruttering-
og kompetanse i Pleie og omsorgstenesta 2010-2030. UHT vil søke veiledning hjå Senter
for omsorgsforsking i Nord.


3.2.2. Vera med å lage og gjennomføre basisopplæring innan tenesta for
        psykisk utviklingshemma
Ein avdeling ved Kvaløya heimeteneste har starta eit prosjekt med å lage eit
undervisningsprogram for ulike faggrupper i for å heve kvaliteten på tenesta for
utviklingshemma. Omsorgstenesta Langnes har tilvarande planar og UHT vil samordne
og delta i dette arbeidet og undersøke muligheita for å søka eksterne midlar for å prøve ut
modellar i Tromsø. Ein vil søke veiledning frå NAKU (nasjonalt kompetansemiljø om
utviklingshemming)


3.2.3 Vera med på å utvikle gode læringsarenaer for studentar, elevar og lærlingar
       i heimetenesta i Troms
UHT må i 2010 skaffe oversikt over arbeidet slik det er i dag for å kunne identifisere
UHT sin rolle og bidra på sikt. Samarbeide med fagkonsulentar på ulike einheiter og
ansvarleg rådgiver i fag- og utviklingsavdelinga i Pleie- og omsorg og USH




                                             6
3.3. I samarbeid med Undervisningssjukeheimen i Troms og
Senter for omsorgsforsking i Nord delta i fagutvikling og
forsking og etablere gode rutinar og system for
erfaringsoverføring av kompetanse

Senter for omsorgsforsking i Nord Norge er eit av fem regionale sentra for
omsorgsforsking. I nord er senteret ein integrert del av Universitetet i Tromsø, Institutt og
helse og omsorgsfag. Dei regionale sentra for omsorgsforsking vil yte forskingsfagleg
bistand til kommunane. Senteret har to 25% stillingar (tilskudd frå HD 450 000) med
særskilt ansvar for veiledning og forskingsutvikling for undervisningssjukeheimane og
undervisningsheimetenestene i Nordland Troms og Finnmark
Undervisningssjukeheimen i Troms (USH) markarar i år sitt 10 års jubileum. Den nye
Undervisningsheimetenesta i Troms vil dra stor nytte av dei kunnskapar og erfaringar
som er gjort der. Dei to fagpersonane som har ansvar for dagleg drift av USH har lang
erfaring i dette arbeidet. UHT og USH har felles styringsråd i Troms, og UHT vil søke å
ha faste møter med USH


Tiltak 2010:


3.3.1. Delta i oppbygging av Nettverk i Nord
UHT deltok på nettverkskonferanse 16.3.10 arrangert av Senter for omsorgsforsking
Nord Norge, der dei ulike undervisningsheimetenestene og undervisningssjukeheimane i
Nordland, Troms og Finnmark var med. Ein tenker seg at dette nettverket skal møtast to
gonger i året for å utveksle kunnskap og erfaringar og saman bidra til spreiing av
kunnskap i pleie- og omsorgsektoren i Nord Noreg

       3.3.1.1 Kartlegge eksisterande fagnettverk i Troms fylke som UHT kan bygge på


3.3.2 Utlysning av ”Frie midlar” 2010
USH har drive med konseptet Frie midlar sidan 2000 og har svært gode erfaringar med
det. Frie midlar gir personalet høve til å jobbe praksisnært i små prosjekt og utvikle faget
og heve kompetansen på sin arbeidsplass. Dette fremmer fagutvikling nedanfrå i
organisasjonen. Personalet skriv rapport og vert utfordra til å fortelje prosjektet i ettertid
til dømes på den årlege vårkonferansen som USH har arrangert i 10 år

Etter modell frå USH lyste UHT ut i Frie midlar både i hausten 2009 og i februar 2010.
Ideen er at personalet skal få kjøpt seg tid gjennomføra fagutviklingsprosjekt ut frå
faglege utfordringar i heimetenesta.

Prosjekt som fekk tildeling av prosjektgruppe ved UHT etter utlysing i 2009
   • Tannhelse blant eldre, forprosjekt Nordøya

                                              7
   •   Oppretting av minnealbum til personar med demenssjukdom i heimetenesta,
       Nordøya
    • Fagutvikling for alle på Kvaløya
    • Dagtilbod meining og meistring, forprosjekt Fastlandet distrikt
    • Kompetanseheving for tilsette innan tenesta for psykisk utviklingshemma,
       Kvaløya
Alle desse tiltaka er planlagt gjennomført i løpet av 2010, og midlar som ikkje vart brukt
i 2009 vert søkt overført til 2010.

Frie midlar i 2010.
Fristen for å sende inn søknad var 1. mars. For vurdering av søknader og tildeling av
”Frie midler” for 2010 sette Felles styringsråd ned en gruppe som består av:
Karina Kolflaath (Fylkesmannen i Troms og representant i styringsråd), Toril A Larsen
(Leiar i styringsråd), Elin Albrigtsen eller Åshild Moen (Einheitsleiarar), Kerry Macallan
(representant frå arbeidstakarorganisasjonane), Elisabet Sausjord (Prosjektleiar). Det er
komme inn 17 søknader og tildelingsmøte er 6.april. 4 av søknadene kjem frå andre
kommunar enn Tromsø.
Prosjektleiar vil tilby støtte og veiledning på desse prosjekta. Dette er også ein god måte å
nå ut, halde seg orientert om kva som rører seg i praksis, og å gjera UHT kjent blant
personalet i heimetenesta i Troms.


3.3.2. Delta i arbeidet med å lage felles nyheitsbrev med USH og Senter for
       omsorgsforsking
Ein ventar med layout til felles logo og namn for UHT og USH er klar frå
Helsedirektoratet, men har starta opp samarbeidet med felles redaksjonsmøte.


3.3.3 Arrangere vår/ haust/ eller adventskonferanse i samarbeid med USH og
        Senter for omsorgsforsking
I samarbeid med USH vil ein finne ut korleis ein skal legge opp dette arbeidet i framtida
og kartlegge om det til dømes er best med felles konferansar.


3.3.5. Lage lokal nettside og eventuelt anna informasjonsmateriale om UHT
Ein vil lage ein mal for informasjon om UHT på nettsida til Tromsø kommune og
eventuelt også Troms fylkeskommune om ein finn det føremålstenleg.


3.3.6. Gjere UHT kjent i undervisningsinstitusjonar og for andre kommunar/
       samarbeidspartnarar i Troms
Startar med å skaffe oversikt/ adresseliste over dei ulike heimetenestene i Troms.




                                             8
3.4. Heve kvaliteten i dag- og avlastingstilboda
       Tiltak 2010:

3.4.1. Kartlegge utfordringar i kvaliteten på dag- og avlastingstilboda

Me skal i første omgang kartlegge kva utfordringar ein står overfor når det gjeld dag- og
avlastingstilboda i Tromsø i dag for ulike grupper i heimetenesta, både sentralt og i
distrikt. Også kontakte andre kommunar i Troms

3.4.2. Søke kunnskap om gode modellar for dag- og avlastingstilbod
Det finns mange gode modellar som er utvikla elles i landet og det er viktig å dra nytte av
desse erfaringane og gjera dei kjent for kommunane i Troms

3.4.3. Finne ut om muligheiter for partnerskap med familie og lokalsamfunn i
       avlastingstilbod
Det ligger et stort potensiale i å utvikle betre rammevilkår og legge forholda betre til rette
for dei som utfører frivillig omsorgsarbeid på ulike arenaer, og dette er lagt stor vekt i
Stortingsmelding 25; Meistring, muligheiter og meining. UHT vil finne ut kva kommunar
i Troms legg i omgrepet ”Utvikling av partnerskap med familie og lokalsamfunn”, og
høyre kva som er gjort på dette området, særleg med tanke på ulike former for dag- og
avlastingstilbod



4 Etablering av prosjektorganisasjon for UHT
Helsedirektoratet har ansvar for etablering av undervisningsheimetenester og vil ha ein
nasjonal koordineringsfunksjon.
Fylkesmannen vil bidra med lokalkjennskap til kommunane, samt bidra til oppfølging av
tiltaket.
Dei regionale sentra for omsorgsforsking vil yte forskingsfagleg bistand til kommunane.

4.1. Prosjektorganisering

1   Oppdragsgivar          Helsedirektoratet

2   Oppdragstakar          Nordøya og Kvaløya heimeteneste
3   Felles styringsråd     Toril A.. Larsen Universitetet i Tromsø, leiar
    UHT og USH             Margrethe Kristiansen, Tromsø kommune, nestleiar
    Mandat:                Inger Gadgil, UNN
    sjå vedlegg 2          Guri M. Lajord, Videregåande skular i Troms
                           Karina Kolflaath, Fylkesmannen i Troms
    Møteplan: 24.2. -      Karl Elling Ellingsen, NAKU
    23.03. - 08.06.-       Astrid Nermo, Omsorgstenesten Jadeveien
                           Elin Albrigtsen, Kvaløysletta heimeteneste

                                               9
    28.09. - 30.11.         Åshild Moen, Nordøya heimeteneste
                            Kerry L. Macallan, Arbeidstakarorganisasjon Fagforbundet
                            Anne Andreassen, Arbeidstakarorganisasjon NSF
                            Toril B. Mobakken, Leiar FoU avd. USH, Troms
                            Elisabet Sausjord, Prosjektleiarar UHT
4   Prosjektleiar           Elisabet Sausjord

                                Prosjektgruppa er samansatt av ressurspersonar innafor dei ulike
5   Prosjektgruppe              områda av heimetenesta på dei einheitene som driv prosjektet;
    Møteplan                    Nordøya og Kvaløya. I tillegg er fagkonsulentar frå dei andre
    06.01.10 - 2.2.10 – 10.3.10 distrikta, ein arbeidstakarrepresentant og prosjektleiarane med.
    – 21.4.10 – 19.5.10 –juni? Trond Strøm, avdelingsleiar i PU-teneste
    så ca ein gong i mnd. Henny Andreassen avdelingsleiar heimetenesta
    til hausten                 Camilla Børresen, avdelingsleiar i omsorgsbustad
                                Odén Singarajah, avdelingsleiar omsorgsbustad unge
                                funksjonshemma
                                Margrethe Kristiansen, fag og utviklingsavdelinga PLO
                                Kari Torgersen, fagkonsulent Nordøya
                                Venche Friis, fagkonsulent Kvaløya
                                Trine Bjørvig, fagkonsulent Fastlandet
                                Jorun Mikalsen, fagkonsulent Sentrum
                                Mary-Ann Hamsund, representant for arbeidstakarorganisasjonar
                                Elisabet Sausjord prosjektleiar
                                Prosjektgruppa vil vurdera å opprette ad hoc grupper undervegs for å
6   Ad-hoc grupper              arbeide med delprosjekt. De rapporterer til prosjektgruppa
                                v/prosjektleiar som koordinerar arbeidet.

Invitere representantar for andre kommunar i Troms inn i felles fag-/ referansegruppe for
Troms fylke for 2011 til 2015


4.2 Økonomi
Føresetnader og rammer som er gitt av Helsedirektoratet; For 2009 gis det inntil kr.
500.000,- i etableringstilskott. Er vidareført i statsbudsjettet også i 2010. Frå og med
2011 må kommunar som etablerer undervisningsheimetenester søke om tilskott på
bakgrunn av oppnådde resultat og ut frå gitte prosedyrar. Sjå vedlegg 1



5. Oversikt planar og gjennomføring for UHT 2010

Historie 2009:
To prosjektleiarar i 50% stilling vart tilsett 1. desember.
Viser til Statusrapport datert 31.03.10.

Pr. dags dato ser planane for UHT 2010 i grove trekk slik ut:




                                                10
Planar for 2010                                Ulike tiltak                                     Tidsplan
1                                              Oppstartkonferanse UHT                         08.12.10
    Spreie kunnskap om UHT til                 Fylkesmannkonferanse                           10.02.10
    fagmiljø og delta i nettverk i Nord        Nettverkskonferanse i Nord                     16.03.10
                                               Vårkonferanse i regi av USH Troms Nettside     17.03.10
                                               - Mal for presentasjon av UHT                  innan utg. av april
                                               Nettside UHT                                   innan utg av april
                                               Besøke arbeidsplassar                          -heile året
2   Opprette kontakt og utvikle                USH – samarbeidsmøter                            22.12.09 +
    samarbeid med USH og Senter for
    omsorgsforsking                            Senter for Omsorgsforsking Nord –                05.01.10 + ca 1 gong
                                               veiledning av UHT                                i mnd
3   Samarbeid om felles nyheitsbrev            Felles redaksjonsmøter                           12.01.10 +
    med USH og Senter for
    omsorgsforsking

4                                              Prosjektgruppe                                 06.01.10 - 2.2.10 –
    Etablere og drive                           - møter ca ein gong i månaden eller ved behov 10.3.10 – 21.4.10 –
    prosjektorganisasjon                                                                      19.5.10
                                               Styringsråd med møteplan – ca 2 gonger pr      24.2. -23.03. -
                                               halvår                                         08.06.-
                                                                                                28.09. - 30.11.
5                                         Utlysing febr med frist for søknader 01.03.10         -svar innan 16.april
    Lyse ut og tildele ”Frie midlar” 2010 Behandling og tildeling                               -møte 6.april
                                          Oppfølging og veiledning                              -ut året
6                                         Til diskusjon i prosjektgruppe 10.3.10 og             Innan 31. mars
    Lage prosjektplan for UHT 2010        styringsråd 23.3.10                                   Ettersendes HD etter
                                          Veiledning frå Senter for omsorgsforsking             påske 2010
7   Lage statusrapport til HD             Drøfting i styringsråd 23.3.10                        Sendes HD Innan 31.
    + oversende budsjett og søknad om                                                           mars
    overføring av ubenytta midlar 2009

8  Kartlegging av utfordringar og              Kontakte dei ulike kommunar i Troms              Sommar haust
   kvalitet på dag- og avlastingstilbod
   for ulike grupper i heimetenesta i
   Troms
9 Søke kunnskap om gode modellar               Søke på aktuelle nettsider og i litteratur +     Vår sommar
   for dag og avlastingstilbod i landet        ringerunde
   elles
10 Kartlegge nye brukergrupper i               Kontakte dei ulike kommunar i Troms              Vår sommar
   heimetenesta i Troms
11 Bidra i fagprosjekt ”Møteplassen”           Bidra fagleg saman med etablert                  Frå vår til ut året
   for unge personar med                       prosjektgruppe
   demenssjukdom Nordøya
12 Bidra i fagprosjekt                         Bidra til å lage framdriftsplan saman med        Frå vår til ut året
   ”Selvstendiggjøring av unge voksne”         etablert prosjektgruppe
   Kvaløya

13 Lage prosjektplan for                   Kartlegging vår 2010                                 Kartlegging vår 2010
   Plan for felles satsing på fagutvikling Lage prosjektplan innan utgangen av juli for         Lage prosjektplan
   og kompetanseheving i praksis på        utprøving hausten/vinter 2010                        innan utgangen av
   Nordøya og Kvaløya                      + Bidra til å gjera Tromsø kommune sin               juli for utprøving
                                           opplærings og komp.plan kjent i praksis              hausten/vinter 2010
14 Delta i prosjekt Kvalitetsutvikling i Bidra til å samordne dei to tiltaka og bidra til       Frå vår til ut året
   tenesta for psykisk uviklingshemma gjennomføring
   Kvaløya og Langnes                      Søke eksternt om midlar
15 Vera med på å utvikle gode              Kartlegge tilbodet i dag for å kunne                 Vår sommar
   læringsarenaer for studentar og         identifisere UHT sin rolle på sikt
   elevar i heimetenesta
16 Skaffe oversikt over andre              Kontakte fylkesmannen og senter for                  Innan utg av juni
   finansieringskjelder for fagprosjekt i omsorgsforsking
   Troms
17 Arrangere vår/ haust eller                  Starte planlegging i juni.                       Seinast første veka i
   Adventskonferanse i samarbeid med                                                            desember
   USH
18 Felles strategidokument for USH og          Starte opp i september       11                  I løpet av hausten
   UHT for perioden 2011-2015                                                                   2010
    Beskrive krav til felles satsingsområde,
    organisering, samhandling, rapportering/
    publisering og kommunikasjon
19 Lage handlingsplan for UHT 2011
 6.     Rapportering og planar for vidareføring i 2011


6.1 Lage handlingsplan for UHT 2011
Statusrapport og revidert budsjett til Helsedirektoratet til 31. mars 2010 er sendt pr
31.3.10. Samtidig er det søkt om overføring av midlar frå 2009 til 2010.
I løpet av hausten 2010 vil ein starte arbeidet med å lage handlingsplan for UHT 2011

6.2 Søke tilskot for etablering av Undervisningsheimeteneste i Troms for 2011-2015
på bakgrunn av oppnådde resultat og ut frå gitte prosedyrar
Helsedirektoratet gav tilskot på inntil kr 500 000 for 2009 som vart vidareført i 2010.
Etter dette må kommunar som etablerer undervisningsheimetenester søkje om tilskot frå
2011

6.3 Lage felles strategidokument for USH og UHT for perioden 2011- 2015
Der skal me mellom anna beskrive felles satsingsområde, organisering, samhandling,
rapportering/publisering og kommunikasjon
Finne ut om det er føremålstenleg å etablere felles fag-/referansegruppe for UHT og
USH i Troms fylke for 2011 til 2015




Vedlegg:

           1. Økonomioversikt
           2. Mandat for felles styringsråd




                                           12
Vedlegg 1

    Budsjettet for 2010
                 35371 Undervisningshjemmetjenesten                       Budsjett
    Konto                           Konto(T)                                2010
    10301     Lønn engasjementstillinger                                   440 000
    10900     Pensjonsinnskudd Vital                                         38 000
    10903     Pensjonsinnskudd KLP                                           36 000
    10990     Arbeidsgiveravgift                                             41 000
              Sum lønn                                                     555 000
    11200     Samlepost annet forbruksmat., råvarer og tjenester           367 596
    11401     Annonser og reklame                                            50 000
    11501     Opplæring og kurs                                              80 000
    11502     Møter og konferanser                                           50 000
    11602     Kostgodtgjørelse                                               10 000
    11603     Oppgavepl skyss og reiseutg.                                    4 000
    11700     Ikke oppgavepl. reiseutgifter                                  30 000
    12000     Inventar og utstyr                                             20 000
    12007     Telefoner og utstyr                                             3 000
    14290     Mva komp. berettiget anskaffelser (drift)                      20 000
              Sum andre driftsutgifter                                     634 596
    17000     Refusjon fra staten                                         -500 000
    17290     Komp mva drift                                               -20 000
    19501     Bruk av bundne driftsfond                                   -369 596
              Sum inntekter                                               -889 596
                          Budsjettramme 2010                               300 000




    Forklaringar til budsjett 2010
    Med atterhald om at kr. 369 595.- vert overført frå regnskapet for 2009, og at ein får overføring av kr.
    500.000.- frå Helsedirektoratet, samt at Tromsø kommune over pleie og omsorgsbudsjettet bidrar med kr.
    300.000.- , ser budsjettet for 2010 ut som vist overfor.

    I budsjettet er det satt av kr, 200.000.- til frie midlar i 2010, dette går fram av konto: 11200. Denne konto
    vil også dekke frie midlar søknader for året 2009.

    Det er satt av til saman kr. 130.000.- til opplæring, kurs, møter og konferansar. (konto 11501 og 11502).




                                                          13
Vedlegg 2


      Foreløpig mandat for Felles styringsråd UHT og USH Troms
Oppdragsgiver           Helsedirektoratet, Divisjon primærhelsetjeneste, Avdeling omsorg
                        Tromsø kommune

Formål                  Styringsrådet har rollen som rådgivnings- og oppfølgingsorgan for USH og UHT
                        Styringsrådet skal bidra med faglig kompetanse, råd og innspill i forhold til forvaltning av
                         tilskuddsmidlene og arbeid innen satsingsområdene.
                        Styringsrådet skal spesielt ivareta det faglige perspektivet og bidra til fokus på
                         fagutvikling og forskning
                        Styringsrådet skal initiere og drøfte utviklingsprosjekt som involverer samarbeidspartnere
                         på et overordnet nivå, bidra til å opprette arbeidsgrupper, gi anbefalinger vedrørende
                         virksomhetsplan, budsjett og årsrapport
Ledelse av              Leder og nestleder av styringsrådet velges av og blant medlemmene for en periode på 2 år
styringsrådet            med mulighet for gjenvalg.
Deltagelse i            Styringsrådet for USH/UHT Tromsø består av følgende representanter;
Styringsrådet                 - Representant fra kommunens sentraladministrasjon
                              - Enhetsleder for Kroken sykehjem
                              - Enhetsleder for Omsorgstjenesten Jadeveien
                              - Enhetsleder for Kvaløya hjemmetjeneste
                              - Enhetsleder Nordøya hjemmetjeneste
                              - FoU leder for USH Tromsø
                              - Prosjektledere UHT
                              - 2 representanter fra arbeidstagerorganisasjon
                              - Representant fra Fylkesmannen i Troms
                              - Representant fra Universitet i Tromsø
                              - Representant fra Universitetssykehuset i Nord-Norge
                              - Representant fra NAKU
                              - Representant fra Videregående skole i Troms
                        Hver representant skal ha oppnevnt personlig vara.
                        Ressurspersoner inviteres ved behov.
Samarbeids-             Kommunene i regionen
partnere                Fylkesmannen i Troms
                        Universitetssykehuset i Nord-Norge
                         -              Kompetansesenteret for lindrende behandling i nord.
                         -              Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin
                        Universitet i Tromsø
                         -              Institutt for helse- og omsorgsfag
                         -              Senter for omsorgsforskning i Tromsø
                        Troms fylkeskommune, utdanningsetaten/ videregående skole
                        NAKU
Styringsdokumenter      Overordnet virksomhetsplan for USH/UHT

                                                 14
                        Lokal virksomhetsplan for USH/ UHT Tromsø
                        Stortingsmelding 25 (2005-2006) Mestring, muligheter og mening.
                        Demensplan 2015
                        St.prp.nr. 1 (2008-2009)
Oppgaver                Bidra med innspill til tiltak for å løse oppgaver innen gitte satsingsområder
                        Bidra med faglig kompetanse og råd
                        Gi innspill til forvaltning av tilskuddsmidler
                        Følge opp resultater av fagutvikling og forskning
                        Bidra til planlegging av aktuelle konferanser i regi av USH/ UHT
                        Annet etter behov
Møtestruktur           Det skal avholdes minst 2 møter i semesteret
Evaluering av mandat   Foreløpig mandat vedtatt på styringsrådsmøtet 24.02.10. Behandles på nytt høsten 2010.

                   Konklusjon pr 24.2.10: Styringsrådet ser på det foreslåtte mandatet som
                   foreløpig og
                   foreslår å ta det opp att seinere. En venter at det forsatt kan komme forslag
                   til endringer og avventer til Helsedirektoratets strategidokument er
                   godkjent




                                                  15

				
DOCUMENT INFO
Shared By:
Categories:
Tags:
Stats:
views:22
posted:9/16/2012
language:Unknown
pages:15