Oppsummering innspel til arealdelen i kommuneplanen
Shared by: 48232d97
-
Stats
- views:
- 5
- posted:
- 11/25/2011
- language:
- Norwegian
- pages:
- 31
Document Sample


1
Innspel til oppstart av arealdelen i kommuneplanen.
Samandrag med kommentarar og tilrådingar.
Førebels, 22.11.07.
2
Nedanfor følgjer eit samandrag av dei merknadene og innspela som er komne inn i samband
med oppstart av arbeidet med ny arealdel av kommuneplanen. Merknadene er ordna etter kva
område dei gjeld. Til kvar merknad er det skrive ein kommentar og ei tilråding.
Kommentarane er ikkje utfyllande der det blir tilrådd å endre arealbruk i høve til gjeldande
plan. Her blir det vist til konsekvensvurderingane og tilrådingane der, knytte til kvart einskilt
område.
Generelt
1. Brev av 20.02.07 frå Luster Sogelag, motteke 08.03.07.
Luster Sogelag har lagt fram ei liste over kulturminne i Luster som bør prioriterast i
kommunen sitt planarbeid.
Ein del av desse kulturminna er av ein slik karakter at dei ikkje må markerast spesielt i
arealdelen. Dei som er mest aktuelle for vurdering ved utarbeiding av arealdelen er:
- Ormelid med kulturlandskap.
- Husmannsplassen Hestaskår med kulturlandskap
- Bygningar og kulturlandskap i Dalsdalen.
Bygningar og kulturlandskap i Feigum
- Husmannsplassane Steinabyen i Fortun
- Bergheim
- Kvåle med kulturlandskap.
- Leprakyrkjegarden på Lillehøyheim
- Reinskve i Mørdalen
- Dulsete i Mørkridsdalen
- Svensøystølen i Fortun
Kommentar:
Dei aktuelle kulturminna er markerte på temakart. På plankartet er det aktuelt å ta med
berre dei kulturminna som skal vernast, anten ved reguleringsplan eller i medhald av
særlov. Dei må visast som bandlagde område. Evt. reguleringsplan må vere utarbeidd
innan 4 år etter at arealdelen er vedteken.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Fjellgarden Ormelid i Fortun blir bandlagd
med tanke på vern i medhald av kulturminnelova.
2. Ungdommens kommunestyre, møte 20.06.07, sak 081/07, innspel til
”Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2007 – 2019.”, generelle pkt.
som er relevante for arealdelen. (Pkt. knytt til konkrete anlegg er sette opp under det
aktuelle området):
- Eit større anlegg for Motorsport for Sogn på Haukåsen og (kontra) fleire mindre
anlegg i Luster for born/tenåringar.
- Vasski/kajakk (utleige/utlån) ( utbygging av eit anlegg for vassport).
Kommentar:
Luster kommune arbeider no med å finne areal til eit større anlegg for motorsport
innanfor kommunen sine grenser. Dersom det i arealdelen skal setjast av område til
mindre anlegg i ulike delar av kommunen, er kommunen avhengig av at det kjem
framlegg om plassering frå organisasjonar/lag som vil drive slike anlegg.
3
Også når det gjeld anlegg for vassport er ein avhengig av konkrete innspel, helst
med fleire alternativ.
Tilråding:
Kommuneplanutvalet noterer seg innspela frå ungdommens kommunestyre.
Det blir ikkje sett av areal til desse føremåla før det kjem framlegg til
plassering.
Hafslo:
3. Brev av 18.07.05 frå Thomas Skjerven, gbnr. 141/41 og 142/15. Skjerven ynskjer å
omdisponera eigedomen Rupheim med tanke på hyttefelt. Eigedomen vert no nytta til
beitemark. Eigedomen har god tilkomst til veg.
Kommentar:
Dei omsøkte parsellane utgjer til saman eit langt og smalt areal på knapt 50 daa, nær 600
m langt og 35 m breitt på det smalaste. Arealet strekkjer seg i retning sør – nord frå kote
500 til kote 600, og blir på 2 stader delt av vegen mot stølane Tvangen og Fossen.
Området ligg i dag som gjødsla beite og overflatedyrka jord. Ein kjenner elles ikkje til
spesielle interesser knytt til dette området, der det ligg ein del bygningar frå før.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. I planframlegget er det generelt lagt til grunn
at jordbruksjord, dvs. fulldyrka eller overflatedyrka jord og areal registrert som
gjødsla beite, ikkje skal omdisponerast til areal for bygging av fritidshus.
4. E-post av 30.05.06 frå Hafslo bygdelag v/Bjarne Venjum. Bygdelaget ber om at det vert
avsett areal til parkeringsplass og tilkomst til jettegryta Gygridsstova. Grunneigar er
positiv til å gjera avtale vedr. grunnavståing.
Tilråding:
Merknaden blir imøtekomen. Det blir sett av areal til parkeringsplass.
5. Brev av 19.04.06 frå Hafslo sokneråd v/Magny Ugulsvik Bukholm som ynskjer
Klokkargarden på Hafslo, gbnr. 137/6, lagt ut til bustadføremål.
Kommentar:
Klokkargarden, som omfattar eit areal på omlag 34 daa, ligg vel 2 km frå Hafslo
Sentrum i retning mot Moane. I gjeldande arealdel er han vist som landbruks-, natur- og
friluftsområde (LNF-område). Området er i dag landbruksområde, innmark. Det er
tidlegare skilt ut 2 bustadtomter frå eigedomen. Per i dag kan området ikkje koplast på
kommunalt VA-anlegg. Terrenget og avgrensinga av 137/6 tilseier også at det er
vanskeleg å byggje ut eigedomen separat.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. Klokkargarden blir framleis lagt ut som LNF-
område.
4
6. Brev av 26.05.06 frå Hafslo idrettslag v/Margunn Hillestad. Idrettslaget ynskjer å utvide
idrettsanlegget i Moane med ei ny avlastningsbane. Høveleg areal til dette er merka L1 i
reguleringsplan.
Idrettslaget oppmodar kommunen om å leggje til rette for hoppbakkar i Sterrishovden.
Kommentar:
Det aktuelle området i Moane er regulert som landbruksområde i gjeldande
reguleringsplan for Moane. Denne reguleringsplane vart godkjend av kommunestyret i
2005, etter ein omfattande planprosess. Reguleringsføremålet bør evt. endrast ved
reguleringsendring, anten ved privat eller kommunal regulering.
Når det gjeld areal for hoppbakkar i Sterrishovden, blir det vist til kommentar til
merknad nr. 16, frå advokat Jostein Sterri Valla.
Tilråding
Reguleringsplanen for Moane blir framleis gjort gjeldande. Det blir sett av areal til
hoppanlegg i Sterrishovden.
7. Brev av 29.03.06 frå Andelseigarar i Modvavegen v/Ivar Kvalen. Grunneigarane meiner
ein bør sjå hyttebygging på Heggmyrane i ein større målestokk med tanke på
grunnlagsinvesteringar som veg, vatn og kloakk. Dei ber om at det blir regulert eit
mykje større område til føremålet.
Kommentar:
Det blir vist til kommentar til m.a. merknad nr. 5 frå Sogn Skisenter BA. Det bør no
utarbeidast ein samordna plan for utvikling av dette området. Den arealbruken ein kjem
fram til, må seinare formaliserast gjennom planar etter plan- og bygningslova, der det
m.a. blir sett av areal til hyttebygging.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Reguleringsplanen for Heggmyrane blir
framleis gjort gjeldande. Nedre del av området, utanom det som er regulert i dag,
blir bandlagt med tanke på regulering innan 4 år. Øvre del blir vist som LNF-
område, med særleg vekt på friluftsliv.
8. E-post av 31.03.06 frå Hafslo Bondelag v/Ivar Kvalen. Som merknad til referat frå
bygdamøte på Hafslo 20.03.06, gjer bondelaget merksam på at det kom innspel om å
leggja arealet over Rv 55 frå Hestnes – Galden – Botnen (Stolpen) ut til bustadføremål.
Bondelaget ber om at desse områda bør utgreiast før ein tek nye område med fulldyrka
matjord i bruk til bustadbygging.
Kommentar:
Ein har sett på desse områda med tanke på utbygging. Terrenget er bratt og kupert.
Plasseringa på oppsida av riksvegen er heller ikkje god med tanke på å få til eit
heilskapleg bustadmiljø knytt til eksisterande bustadområde på Galden/Hestnes.
Dert blir elles også vist til kommentarar knytte til dei einskilde merknadene, t.d. til
merknad nr. 9, og til konsekvensvurderingane knytte til dei føreslegne
utbyggingsområda.
5
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen.
Området blir framleis vist som landbruks- natur- og friluftsområde.
9. Brev av 30.05.06 frå Einar Kalhagen og Harald Hess. Underskrivne grunneigarar varslar
at deira skogateigar på Gamlegalden på Hafslo (gbnr. 146/1 og 148/8), kan omregulerast
til bustadføremål dersom kommunen ynskjer dette.
Kommentar:
Dei 2 skogateigane utgjer om lag 29 daa og ligg på oppsida av riksveg 55, frå krysset på
Galden og strekkjer seg 6 - 700 m mot nordaust. Områdeter delvis berglendt og bratt,
og vender mot nordvest. Terrengform og plassering , m.a. i høve til riksvegen, gjer det
dyrt og vanskeleg å etablere eit godt bustadområde her, jf. kommentar til merknad nr. 8.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen.
Området blir framleis vist som landbruks- natur- og friluftsområde.
10. Brev av 21.03.06 frå Claus Rumohr Moe. Moe ber om at hans eigedom gbnr. 148/1 i
”Vallagardane” (ved Lyngmo) skal kunne nyttast som tomter for ferie og fritidsføremål.
Det ligg i dag 2 hytter her, men det kan vere plass til fleire.
Kommentar:
Dette gjeld 2 parsellar med skogsområde, til saman om lag 10 daa, som ligg mellom
riksvegen og Hafslovatnet. Det er gangvegen mot Galden og Hestnes som deler
området i 2 smale teigar. Avstanden mellom riksvegen og vatnet er om lag 70 - 80 m
med ein høgdeskilnad på om lag 30 m. I nordaust grensar parsellane mot det området
der kommunestyret har opna for å starte privat regulering til bustadføremål, jf.
kommentarar til merknad nr. 11, frå Ingvar M. Sviggum. Området ligg såleis også
mellom eksisterande bustadområde og mogleg framtidig bustadområde. Dersom heile,
eller delar av området i framtida skal omdisponerast, bør det skje etter ei overordna
vurdering, sett i samanheng med utnytting av tilgrensande område.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. Parsellane blir viste som landbruks-, natur og
friluftsområde.
11. Brev av 22.04.06 frå Ingvar M. Sviggum. Sviggum ber om at ein del av hans eigedom
gbnr. 155/36 (Botnen) vert omdisponert frå LNF-område til bustadområde i
kommuneplanen sin arealdel.
Kommentar:
Nes eigedom AS har ved brev av 23.07.07 sendt ein førespurnad om å får starte opp
reguleringsarbeid for denne eigedomen og to tilstøytande eigedomar. Desse eigedomane
utgjer om lag 63 daa, som Nes Eigedom ønskjer å regulere og byggje ut som
bustadområde. Kommunestyret har i møte 22.11.07 vedteke at området snarast mogleg
kan regulerast til dette føremålet.
Tilråding:
6
Merknaden blir imøtekomen.
12. Brev av 09.09.06 frå Svanlaug Katla Dvergedal. Dvergedal ynskjer å selja skogen på
eigedomen sin gbnr. 137/3 (Kvamshaugen) til kommunen til utbyggingsføremål/
bustadbygging.
Kommentar:
Kvamshaugen ligg 1,5 – 2 km vest for avkøyrsla til Hestnes. Heile eigedomen er på 96
daa, av dette 58 daa skog. Det er ikkje offentleg vassforsynings- og avløpsnett i
området. Tilkomsten til andre bustadområde og service må skje langs riksvegen.
Framtidig bustadbygging på Hafslo bør leggjast til område med betre tilknyting til
eksisterande bustadområde og sentrum, og med tilknyting til utbygd infrastruktur.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. Området blir vist som landbruks- natur- og
friluftsområde.
13. Brev av 22.10.06 frå Harald Olav Bjørge. Bjørge ynskjer å ta i bruk skogteigen sin
Hovden, gbnr. 155/15, til bustad- og fritidsføremål. Området er på om lag 63 dekar og
ligg langs Rv. 55.
Kommentar:
Det blir vist til kommentarar til merknad nr. 8 og merknad nr. 9. Dersom ein ser desse
merknadene i samanheng, er det kome framlegg om omdisponering av 2 område på om
lag 90 daa på oppsida av riksvegen frå Galden til Stolpen. Dei 2 områda er skilde av ein
parsell på om lag 26 daa.
Også parsellen under 155/15 er bratt og berglendt og vanskeleg å nytte som
bustadområde.
Konklusjonen er at områda på oppsida av riksvegen mellom Galden og Stolpen er
vanskelege å utvikle til gode bustadområde.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. Denne parsellen av 155/15 blir vist som
landbruks, natur og friluftsområde.
14. Brev av 20.06.06 frå Knut Helge Kjærvik på vegne av Ann Kristin Solvi. Solvi ynskjer å
leggja ut eigedomen sin gbnr. 153/2, på Heggmyrane til hyttebygging.
Kommentar:
Delar av denne eigedom er i gjeldande arealdel vist som byggjeområde. Det faste utvalet
for plansaker gav i møte 28.02.07, løyve til å stare arbeidet med reguleringsplan for
området. I møte 03.10.07 vart reguleringsframlegg for området godkjent for utlegging til
offentleg ettersyn.
Tilråding:
Merknaden blir imøtekomen.
15. Brev av 28.05.06 frå Sogn Skisenter BA v/B.Brynjulfsen. Styret i skisenteret er oppteke
av å sikra areal til framtidig utvikling av anlegget, og ser det som viktig å planleggja for
7
nye løyper og aktivitetar i området. Skisenteret ynskjer å utvida friområdet knytt til
anlegget til å omfatte eit større areal opp mot høgfjellet. Dei tenkjer seg dette avgrensa
til Tvangen-løypa i aust, av Kverudkammen i nord, Åsadokka – Bustadklant –
Kvalryggen – Modvavarden (kote 900) og vidare med naturleg grense i høve til
Modvaberget og ned mot noverande reguleringsgrense. Skisenteret har også planar om
utviding av snøanlegget, noko som krev større tilgang på vatn. Ny vasskjelde i
Kluksbotn er under planlegging, men det er ynskjeleg at Fjellstøltjørni kan nyttast som
reservevasskjelde
Styret er vidare opptekne av at det vert tilrettelagt for hyttebygging og anna
overnattingskapasitet som hotell/motell i området. Skisenteret ser det også som positivt
å leggja til rette for hoppbakke i Sterrishovden.
Kommentarar:
Sogn Skisenter BA har ved fleire høve orientert Luster kommune om utviklingsplanane
sine, seinast på møte med formannskapet 29.10.07. Skisenteret vil no setje i gang eit
planarbeid for å konkretisere arealbehovet i tilknyting til desse skiaktivitetar.
Samstundes er det teke initiativ frå grunneigarar for å få ei samordning av planar for
området. Luster kommune ser positivt på dette. Når dei ulike planane og innspela ligg
føre, bør desse formelt samordnast ved utviding og revisjon av gjeldande
reguleringsplan for området.
Tilråding:
Reguleringsplanen for Heggmyrane blir framleis gjort gjeldande. Eit større
område, der det er aktuelt med skiaktivitetar og hyttebygging blir bandlagt for
regulering innan 4 år. I tillegg blir eit område markert som landbruks- natur- og
friluftsområde (LNF-område) med vekt på friluftsliv.
16. Brev av 12.04.05 frå Adv. Jostein Sterri Valla på vegne av Nils-Magne Sterri, eigar av
gbnr. 154/1. Grunneigar vil motsetja seg gjennomføring av K45 og K70 hoppbakkar i
Sterrishovden, uansett på kva måte dette framlegget vert fremja. Eventuelle hoppbakkar
bør etter Sterri sitt syn leggjast vest for barneskitrekket på Heggmyrane.
Kommentar:
I kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet for åra 2005 – 2017 er hoppbakkar K45 og
K70 i Sterrishovden ved Heggmyrane inne i handlingsplan for utbygging i åra 2005 –
2008. Arealbehovet er vurdert til å vere 70 daa.
Formannskapet handsama i møte 03.10.07, framlegg til revidert kommunal plan for
idrett og fysisk aktivitet for åra 2008 – 2019. Planen ligg for tida ute til offentleg
ettersyn. I denne planen er hoppbakkar K45 og K70 på Heggmyrane inne i den
langsiktige delen, dvs. med tanke på løyving/bygging i perioden etter 2012. Det har vore
kjent lenge at grunneigaren vil motsetje seg etablering av hoppanlegg her. I
saksutgreiinga knytt til kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet, har rådmannen
opplyst at arealspørsmålet ikkje er avklara. Det er naturleg å følgje opp denne planen
ved å leggje nødvendig areal inn i revidert arealdel. Arealet ved barneskitrekket ligg
sørvendt og lågt i terrenget, snøsituasjonen er eitt av fleire moment som talar mot å
leggje hoppanlegg her.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. Det blir sett av areal til hoppbakkar ved
Sterrrishovden.
8
18. Brev av 07.01.06 frå Gudny og Svein Haugen, eigarar av gnr. 155, bnr. 16, på Hafslo.
Dei ønskjer at eigedomen blir lagt ut til byggjeområde for bustader.
Kommentar:
Det blir vist til kommentar knytt til merknad nr. 11, frå Ingvar Sviggum.
Tilråding:
Merknaden blir imøtekomen.
19. Brev av 09.01.07 frå Sogn Skisenter BA.
(Sogn Skisenter viser også til brev av 28.05.06, merknad nr.15.)
Sogn Skisenter ønskjer at det blir bygd veg til toppen av skitrekket. Ein slik veg vil
kunne sikre tidlegare opning av skisesongen, både for langrenn og alpint. Vegen må
leggjast slik at han løyser ut areal for hyttebygging. Ny veg, hyttefelt og nedfartar må
planleggjast i området Modvavegen – Tvangen – Toppstasjonen.
Kommentar:
Det blir vist til kommentar og tilråding knytt til merknad nr. 15.
20. E-post av 17.01.07 frå Hafslo Bondelag.
Trongen for nye areal på Hafslo til bustadbygging vert aukande no som Hestenesfeltet
snart er fullt.
Hafslo Bondelag er kritisk til at meir dyrka jord vert nedbygd av bustadbygging eller
omregulert til andre formål, utover det som alt er vedteke.
Dyrka jord er ein svært viktig ressurs det vert mindre av kvart år, så det er viktig at
Luster Kommune har ein ansvarleg politikk på dette området. Hafslo Bondelag vil be
om at kommunen vurderer område der det ikkje er dyrka eller dyrkbar jord først, som til
dømes området over Rv. 55 Hestnes - Galden - Stolpen og evt. deler av områda på
strekninga Prestegarden - Klokkargarden.
Kommentar:
Det blir vist til kommentarar og tilrådingar knytte til merknadene 5, 8, 9 og 13.
Det er eit mål, både i Gaupne og på Hafslo, å etablere nye bustadområde med god
tilknyting til etablerte sentrums- og servicefunksjonar. Då kjem ein i eit dilemma i høve
dyrka jord, som begge stader omkransar sentrumsområdet.
Konklusjonen er i alle høve at områda på oppsida av riksvegen på strekninga Hestnes -
Galden –Stolpen er vanskelege å utvikle til gode bustadområde.
Området Prestegarden – Klokkargarden har føresetnader til å kunne bli gode
bustadområde, med gode soltilhøve og nærleik til sentrum. Dette vil føresetje utbygging
av infrastruktur i form av leidningsnett for vatn og avløp og t.d. gangveg langs
fylkesvegen mot sentrum. Slike investeringar krev til vanleg at det blir lagt ut større
samanhengande område for bustadbygging. I framlegget til arealdel er nye
bustadområde lagt ut mellom Hafslo sentrum og Beheimsfeltet og i Botn, begge stader
på landbruksjord.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen.
9
21. Brev av 21.01.07 frå advokat Jostein Sterri Valla. Jostein Sterri Valla representerer
Nils-Magne Sterri, eigar av gnr. 154, bnr. 1 på Hafslo.
Advokat Valla viser til tidlegare innsendt merknad i samband med at det vart sendt ut
varsel om oppstart av reguleringsarbeid med tanke på innregulering av hoppbakkar ved
Sterrishovden. Nils-Magne Sterri vil sterkt gå mot at det blir lagt inn areal for eit slikt
anlegg i ny arealdel av kommuneplanen, jf. merknad nr. 16 ovanfor.
Tilråding:
Det blir vist til kommentar og tilråding knytt til merknad nr. 16.
22. Samtale med Jon Melheim 29.01.07.
Jon Melheim eig gnr. 153, bnr. 7, ved Sogn Skisenter på Heggmyrane. Ein område på
hans eigedom er regulert til byggjeområde for utleigehytter. Jon Melheim at det her blir
høve til å byggje hytter for sal.
Kommentar:
Dette gjeld regulert område. Ei slik endring som Jon Melheim har bede om, må skje ved
reguleringsendring. Reguleringsplanen for Heggmyrane bør vere gjeldande til han blir
avløyst av ein ny, jf. kommentarar og tilrådingar til merknader som er komne inn knytt
til Heggmyrane, m. a. til merknad nr. 15 frå Sogn Skisenter BA.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. Reguleringsplane for Heggmyrane blir framleis
gjort gjeldande.
23. Brev av 15.02.07 frå Hans Nes Bygg A/S, ved Johannes Nes.
Eigarane av dei 4 parsellane gnr. 153, bnr. 4, 5, 7 og 8 på oversida av Modvavegen på
Heggmyrane, ønskjer å gå saman om å planleggje eit hytteområde på om lag 150 daa.
Dei ønskjer å starte reguleringsarbeidet så snart som mogleg.
Tilråding:
Det blir vist til kommentar og tilråding knytt til merknad nr. 15, frå Sogn
Skisenter BA.
24. Brev av 15.02.07 frå Terje Melheim og Jon Melheim.
Terje Melheim eig gnr. 153, bnr. 3 og gnr. 150, bnr. 5 ved Heggmyrane. Jon Melheim
eig gnr. 151, bnr 7, som grensar inn til Terje Melheim sine parsellar. Dei ønskjer at
området like aust for skitrekket på Heggmyrane blir lagt ut til byggjeområde for hytter.
Tilråding:
Det blir vist til kommentar og tilråding knytt til merknad nr. 15, frå Sogn
Skisenter BA.
25. Brev av 19.02.07 frå Birgit Melheim, Øvre Årdal.
Birgit Melheim eig gnr. 152, bnr. 7, på Hafslo. Ytrehaugo er ein teig som ligg isolert frå
resten av bruket. Teigen ligg sørvendt og vil få godt vegsamband mot sentrum når
Krekavegen blir rusta opp. Birgit Melheim ber om at teigen blir lagd ut som
bustadområde. Ho eig også ein parsell på Heggmyrane. Denne bør leggjast ut til
hyttebygging.
10
Kommentar:
Den omsøkte parsellen ligg om lag 500 m nord for Hafslo sentrum og knapt 100 m
høgre enn sentrumsområdet. Langs veg er avstanden om lag 2 km. Området er dyrka,
med nokre skogkrullar. Området er sørvendt og delvis bratt og omgjeve av
jordbruksareal på alle kantar.
Det kan vere konfliktfylt med små bustadområde midt inne i landbruksområde. Dersom
det skal byggjast bustader her, bør det skje som ein del av plan for eit større område, der
ein også løyser spørsmålet om infrastruktur, t.d. gangsamband mot Hafslo sentrum
I framlegget til ny arealdel er bustadområda knytt til Hafslo sentrum føreslege lagt til
områda mot det eksisterande bustadområdet på Beheim.
Parsellen på Heggmyrane ligg aust for skitrekket, delvis innanfor regulert område.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. Den aktuelle parsellen på 152/7 blir lagt ut som
landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område). Når det gjeld parsellen på
Heggmyrane, blir det vist til tilråding knytt til merknad nr. 15, frå Sogn Skisenter
BA.
26. Samtale med Johannes Hauge, 16.02.07.
Johannes Hauge gjer merksam på at ei arbeidsgruppe er gang med å planleggje eit i nytt
skianlegg på Hafslo/Heggmyrane. Anlegget skal supplere det som er der i dag.
Arbeidsgruppa ser per i dag på eit anlegg med stolheis frå krysset Solvivegen/
Krekavegen og opp til fjells. Deretter skitrekk opp mot kote 900. Dei aktuelle traséane
bør reserverast i ny arealdel.
Kommentar:
Det blir m.a. vist til kommentarar knytt til andre merknader, m.a. til nr. 15 frå Sogn
Skisenter BA. Her går det fram at Sogn Skisenter BA vil starte arbeidet med ein
overordna plan for skiaktivitetar. Det er kjent at stolheis inngår i desse planane.
Før planane om eit alternativt skianlegg med utgangspunkt i området Solvi/Hauge er
meir konkrete, finn ein det ikkje rett å bandleggje areal for dette føremålet. Ved å vise
området som LNF- område kan ein sikre at det ikkje blir sett i verk tiltak som er til
hinder for utvikling av eit alternativt skianlegg her.
Tilråding:
Kommuneplannemnda noterer seg innhaldet i innspelet frå Johannes Hauge.
Området blir lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområde.
27. Brev, motteke 22.02.07 frå Betzy Fardal, Jessheim.
Betzy Fardal eig gnr.151, bnr. 15, like ved riksveg 55 like vest for Heggmyrane.
Ho viser til telefonsamtale 16.02.07, der ho bad om at det blir vurdert om eigedomen
kan nyttast som hytteområde.
Kommentar:
Gnr. 151, bnr. 15 er ein parsell på om lag 4200 m2, som ligg like inntil riksvegen. Han
grensar i aust mot ein bustadeigedom. Hafslotun Kro og Hyttesenter og Heggmyra
hyttegrend ligg også i same området. Området er i gjeldande arealdel vist som
byggjeområde, service. Største delen av 151/15 ligg nærare riksvegen enn byggjegrensa
på 50 m. Dersom det skal byggjast hytte(r) her, vil det vere naturleg at slike inngår i i
11
området for service. Før evt. utbygging må området regulerast, tilhøva når det gjeld
trafikkstøy må då vurderast nærare og evt. tiltak må innarbeidast i reguleringsplanen.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Arealdelen blir uendra, dvs. området blir lagt
ut som byggjeområde, service, med krav om utarbeiding av reguleringsplan.
28. Søknad frå Vemax AS om næringsareal på Hafslo.
Vemax AS er ei entreprenørverksemd som i kontakt med Luster kommune gjort greie
for at verksemda treng areal/tomt for vidare utvikling. Verksemda har sett nærare på eit
areal vest for Kvamshaugen på Hafslo.
Kommentar:
Førespurnaden må sjåast i samheng med førespurnad, merknad 29, frå Brødrene Flåten
AS om å få starte steinbrot i det same området.
29 Søknad frå Brødrene Flåten AS om steinbrot på Hafslo.
Brødrene Flåten AS har inngått ein intensjonsavtale med grunneigar Ove Oklevik om å
leige eit areal for uttak av stein og grus. Avtalen gjeld eit område som ligg inntil det
området Vemax AS har vurdert som aktuelt for si verksemd.
Kommentar:
Dette gjeld areal som i dag ligg som utmarksområde sør for riksveg 55. Det er ikkje
bustadområde i nærleiken. Avstanden til gardstuna i Oklevik og Kvamshaugen er om
lag 250 m. 800 m lenger vest ligg ein pelsdyrfarm. I arealdelen frå 1998 er området vist
som landbruks-natur- og friluftsområde (LNF-område). Det er ikkje ført fram kommunal
infrastruktur i form av vassforsynings – og avløpsnett her. Steinbrot er ei form for
verksemd som påverkar omgjevnadene i form av støy og støv, og såleis bør liggje i ein
viss avstand frå aktivitetar ikkje bør utsetjast for slike ulemper. Det er her gjeve
dispensasjon frå arealdelen slik at Brødrene Flåten AS, kan starte fullskala prøvedrift av
steinbrot.
Tilråding:
Det blir sett av næringsareal i det omsøkte området. Området må regulerast. Det
elles vist til konsekvensvurderinga som ligg ved planen.
30. Brev av 16.09.07 frå Heidrun og Terje Skjeldestad, Sogndal.
Heidrun og Terje Skjeldestad skal no overta eit småbruk på Øvrebø i Solvorn og
busetje seg der.
Ein parsell på 16 daa, gnr. 155, bnr. 22, på Hillestad, høyrer til bruket på Øvrebø. Dei
har ikkje bruk for denne parsellen, og ønskjer å leggje han ut til bustadføremål.
Kommentar:
Den omsøkte parsellen ligg på oppsida av riksvegen , om lag 1 km nord for Stolpen.
Han er herifrå målt til å vere om lag 23 daa. Dette er ei relativt lang og smal ”linje”, om
lag 80 m brei og 300 m lang, med ein høgdeskilnad på 80 m. Største delen av parsellen
er i dag innmark, med nokre skogkrullar. Også tilgrensande parsellar er
landbruksområde, men mindre bustadområde ligg i nærleiken.
Når det gjeld klima og utsikt er området godt eigna til bustadbygging. Det er likevel
12
problematisk å omdisponere einskildparsellar inne i landbruksområde til dette føremålet.
Her har også parsellen ei form som gjer han lite høveleg til utbygging utan at utbygging
også omfattar naboeigedomar.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. Parsellen blir framleis vist som landbruks-,
natur- og friluftsområde.
Veitastrond:
31. Innspel til kommuneplan datert 01.06.06 frå Per Solnes, eigar av gbnr.134/20. Solnes vil
tilretteleggja for ATV-bane og hyttefelt/evt. utleigehytter på deler av eigedomen sin på
Veitastrond.
Kommentar:
Den parsellen som er foreslått nytta til ATV-bane er på om lag 17 daa med lauvskog..
Han ligg like inn til det området der Asbjørn Nes har fått dispensasjon frå gjeldande
arealdel, og konsesjon etter luftfartslova, for å etablere landingsplass for helikopter.
Det er gjort støyvurderingar i tilknyting til denne helikopterplassen. Resultatet av desse
vurderingane tilseier at det i området også kan vere akseptabelt å etablere ei mindre bane
for motorsport, jf. også merknad nr. 2, frå ungdommens kommunestyre.
Dei 2 hytteområda er søkt plassert i 2 mindre skogsområde mellom Krokelvi og
Sumelvi. Områda ligg ved vegen mot Elda. Det ein ligg ute i det som tidlegare var
registrert som våtmarksområde av fylkesmannen. Det ligg ikkje før flaumsonekart for
Veitastrond, før ein har meir kjennskap til flaumfaren vil ein ikkje tilrå å omdisponer
område her.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Det blir sett av areal til anlegg for motorsport.
Det blir også sett av eit byggjeområde for hytter, med krav om utarbeiding av
reguleringsplan.
32. Brev av 06.02.07 frå Jimmy Hilleren.
Jimmy Hilleren eig gnr. 131, bnr. 1, på Veitastrond. Han ønskjer at eit område på
bruket, avmerka på kart, blir lagt ut som byggjeområde for hytter.
Kommentar:
Dette gjeld ein teig i utmark, skog. Etter NGU sitt skredsonekart er dette eit område der
det kan vere fare for skred. Det er ikkje registrert skredhendingar her. Uansett må
skredfaren i området utgreiast nærare før det evt. blir opna for utbygging. Dette kan
best gjerast i samband med utarbeiding av reguleringsplan.
Tilråding:
Det aktuelle området, utanom dyrka areal, blir vist som byggjeområde for hytter,
med krav om reguleringsplan, jf. konsekvensvurderinga.
13
33. Samtale 05.07.07 med Ole Petter Heggestad, eigar av gnr. 135, bnr. 4, Kvam på
Veitastrond. Han ønskjer å leggje ein del av bruket ut som hytteområde.
Kommentar:
Området ligg i dag som slåttemark.
På NGU sitt skredsonekart er heile Kvam registrert som eit område der det kan vere fare
for skred. Skredfaren i området må utgreiast nærare før det evt. blir opna for utbygging.
Dette kan best gjerast i samband med utarbeiding av reguleringsplan.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. I planframlegget er det generelt lagt til grunn
at jordbruksjord, dvs. fulldyrka eller overflatedyrka jord og areal registrert som
gjødsla beite, ikkje skal omdisponerast til areal for bygging av fritidshus.
34. Brev av 14.08. og av 30.10.07 frå Veitastrond Bygdalag v/leiar Emil Heggestad.
Brevet gjeld område som har vore nytta som bade-, rekreasjons- og samlingsplass for
bygda. Ved Vårstølen har det sidan 1972 vore samlingsplass med danseflake og
badeplass. Opparbeiding og bruk av området vart gjort i samsvar med med avtale med
dåverande grunneigar. Den nye gruneeigaren stengde i sommar av området. Bygdefolket
har såleis ikkje fått høve til bading eller til annan bruk her. Bygdalaget ber no om hjelp
for igjen å få tilgjenge til området.
Kommentar:
I arealdelen av kommuneplanen frå 1991 er området vist som friområde. Dette er eit
føremål som ikkje lengar kan nyttast på denne måten i arealdelen. For å sikre området
kan det bandleggjast med sikte på regulering til friområde innan 4 år. For å sikre
tilgjenge må kommunen få hand om grunnen etter at det er regulert.
Tilråding:
Arealet blir bandlagt for regulering til friområde.
Solvorn.
35. I brev av 04.12.06 ber Reidar A. Sjøthun, Kåre Søhoel, Johannes Thaule og Geir Søhoel,
grunneigarar i Borhaug, om at det vert arbeidd vidare med eit bustadfelt i Borhaug. Dei
er positive til reguleringsframlegget som ligg føre, og stiller eigedomane sine til
disposisjon til dette føremålet.
Kommentar:
Reguleringsplan for bustadfelt i Borhaug har vore under utarbeiding sidan 2005.
Arbeidet vart, etter vedtak i kommunestyret, stogga i 2006, men det er no teke opp att.
Tilråding:
Merknaden er imøtekomen.
14
36. Telefonsamtale 05.03.2007 med Svein Kåre Syvertsen.
På vegne av Solvorn Bygdelag vil han gjere merksam på at det er stort behov for
småbåthamn i Solvorn. Bygdelaget kan ikkje peike på kvar eit slikt anlegg bør
plasserast, men vil be om at det blir vurdert å ta småbåthamna med i den nye arealdelen.
Kommentar:
Plasstilhøve, tilhøvet til eksisterande landskap og bygningsmiljø, tilseier at det ikkje er
mogleg å etablere eit tradisjonelt småbåtanlegg, med parkeringsplass og opplagsplass
på land og molo i sjøen, i Solvorn. I gjeldande reguleringsplan for Solvorn er det i ytste
delen av Labergbukti, mot Neset, sett av eit område for bygging av naust. Her der det
plass til fortetting. Området er også godt skjerma mot bølgjer/vind. Det vil vere mogleg
å plassere eit enkelt småbåtanlegg på fjorden her. Det vil ikkje vere råd å køyre bil fram
til området. Etter NGU sitt skredsonekart er dette eit område der det kan vere fare for
skred. Det er ikkje registrert skredhendingar her. Reguleringsplanen bør framleis gjelde.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Reguleringsplanen for Solvorn blir framleis
gjort gjeldande. Sjøområda utanfor nausta ved Neset blir viste som småbåthamn.
Indre Hafslo – Marifjøra.
37. Brev av 23.12.05 frå Jenny Resaland og Leif Inge Lerum som spør om det er interesse i
kommunen for at dei regulerer deler av eigedomen sin på Resaland gnr. 163, bnr. 1, på
Mollandsmarki, til hyttefelt.
Kommentar:
Det er kome inn 2 innspel om hytteområde på Mollandsmarki. I tillegg til denne er det
kome innspel frå Johannes Lad om hytteområde på gnr.125, bnr. 1, Vetle Baten.
Det bør vere aktuelt å leggje til rette for hyttebygging også på Mollandsmarki. I
telefonsamtale 07.11.07 har Leif Inge Lerum presisert at det på Resaland er aktuelt å
byggje hytter med full standard når det gjeld veg, vatn, og avløp. Han har også gjort
nærare greia for kva område som er aktuelt.
Tilråding:
Merknaden blir imøtekomen. Eit område på 163/1 blir lagt ut som byggjeområde
for hytter, med krav om utarbeiding av reguleringsplan.
38. Brev av 26.02.07 frå Marifjøra Velforening v/John Ingar Bukve.
Ny skule på Indre Hafslo og kort veg til Gaupne gjer at Marifjøra blir ein meir attraktiv
buplass. Marifjøra Velforening ber om at arbeidet med bustadfelt i Marifjøra blir teke
opp att. I revidert arealdel bør det visast gang- og sykkelveg mot Gaupne.
Kommentar:
Revisjon av reguleringsplanen for Marifjøra er med i planleggingsprogrammet for ¨åra
2008 – 2011, utan at det er sett opp framdriftsplan. Planleggingsprogrammet blir
vedteke som ein del av er økonomiplan/budsjett.
Tilråding:
15
Merknaden blir delvis imøtekomen. Tursti/turveg mellom Gaupne og Marifjøra
blir lagt inn i revidert arealdel.
39. Brev, motteke 20.02.07 frå Johannes Melheim.
Johannes Melheim eig gnr. 113, bnr. 13 m.fl., i Dalsdalen på Hafslo. Han ber om at
området blir lagt ut som byggjeområde for hytter.
Kommentar:
Innspela frå Johannes Melheim og Peder Bergum gjeld eigedomar som grensar inn til
einannan. Området, som ligg om lag 550 m.o.h., har vegtilkomst langs bomveg frå
Bruheim. Arealet er på vel 130 daa, delar av det er oppdyrka og nytta som beite. Resten
er skogsmark. Det ligg også ei høgspentlinje i retning nord – sør gjennom området. Det
er i seinare tid bygd fleire, 7 – 8 hytter her. I tillegg er det delt frå 2 – 3 tomter. Dersom
det skal opnast for vidare hyttebygging, bør arealbruken fastsetjast gjennom
reguleringsplan(ar).
Tilråding:
Området, utanom det som er oppdyrka/gjødsla beite, blir vist som byggjeområde
for hytter, med krav om utarbeiding av reguleringsplan før vidare utbygging, jf.
konsekvensvurderinga.
40. Samtale med Margit Løland 18.07.07. Margit Løland eig gbnr. 155/67, Øyna, på Indre
Hafslo. Ho ønskjer at 2 område på eigedomen blir lagde ut som hytteområde.
Kommentar:
Dette gjeld to parsellar, til saman på knapt 50 daa, ein på kvar side av vegen som går
gjennom eigedomen. Området er i hovudsak nordvendt skogsterreng og i
utgangspunktet lite attraktivt for ei større utbygging med hytter. Avstanden til
Heggmyrane er om lag 3 km. Det ligg ikkje offentleg anlegg for vassforsyning og avløp
i dette området. I første omgang kan det vere aktuelt med eit mindre hytteområde her.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Eit område på om lag 10 daa på nordsida av
vegen blir lagt ut som byggjeområde for hytter, med krav om regulering.
41. Samtale 21.09.09 med Kurt Martinsen. Kurt Martinsen og May Britt Vatne eig m.a. gnr.
111, bnr. 16, på Indre Hafslo. Dei ønskjer at denne teigen blir lagd ut som hytteområde.
Kommentar:
Dette gjeld ein utmarksteig, lauvskogsområde på 60 -70 daa, som ligg frå 625 til 750
m.o.h. Bomvegen fram mot Martamyr følgjer austgrensa. Teigen er lang, 600 m, og
smal, 100 m, i retning søraust/nordvest. Teigen blir delt av ei høgspentlinje.
Det er per i dag berre ein liten bygning, ved vegen, på denne parsellen.
Teigen høver dårleg for separat utbygging, spesielt dersom hyttene skal ha vegtilkomst.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. Gnr. 111, bnr. 16, blir framleis vist som
landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område).
16
42. Samtale med Johannes Lad, 07.10.07. Johannes Lad eig gnr.125, bnr. ”Vetle Baten”, på
Mollandsmarki. Han ønskjer at ein del av denne eigedomen, om lag 110 daa, blir lagt ut
som hytteområde.
Kommentar:
”Vetle Baten” ligg på høgste punktet på vegen mot Mollandsmarki, om lag 500 m.o.h.
Eigedomen femner om areal på begge sider av vegen. Det er per i dag skilt ut to
hyttetomter sør for vegen. På dette høgste punktet på vegen ligg også parkeringsplassen
der stien til Molden tek av. Molden er truleg det mest besøkte turmålet i fjella i Luster.
Ein bør vere varsam med å opne for hyttebygging her. Også områda på sørsida av vegen
er nytta som friluftsområde, m.a. til stien ”Mollandsmarki rundt”.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Ein del av det omsøkte utmarksområdet sør
for vegen blir sett av som byggjeområde for hytter, med krav om reguleringsplan,
jf. konsekvensvurdering.
43. Brev av 17.10.07 frå Peder Bergum, Gaupne, eigar av gnr. 109, bnr 1 og gnr. 111 bnr.
9, 14 og 26. Peder Bergum ønskjer at desse områda på Dalestølen blir med i arealdelen
som hytteområde.
Tilråding:
Det blir vist til kommentar og tilråding til innspelet frå Johannes Melheim, jf.
merknad nr. 39.
Gaupne.
44. Brev av 03.01.07 frå Gaupne Arbeidarlag.
Brevet frå Gaupne Arbeidarlag tek føre seg ei rekkje spørsmål knytt til utarbeiding av
arealdelen.
Bustadbygging i Gaupne.
Gardsbruka ”Flattun” og ”Klokkarhola” bør omdisponerast til bustadområde. Vidare vil
det vere naturleg å ta i bruk området mellom Øyagata og Gardavegen til bustadføremål,
dvs. området frå grensa med Sjur Haugen og nordvestover til ”Flattunsmia”.
Gaupne Omsorgssenter.
Areal til 8 nye omsorgsbustader må sikrast, anten ved å byggje på areal kommunen eig i
dag, eller ved å kjøpe inn areal frå naboane.
Areal til nye sentrumsfunksjonar.
Sjølv om det per i dag er nok areal i Gaupne til dette føremålet, må ein tenkje langsiktig.
Areal som naturleg kan nyttast til framtidig utviding av sentrum må skjermast for anna
utbygging. Det blir her nemnt ”bringebæråkeren” ved Sandvik Camping og arealet til
Svangstu mellom bedehuset og Kronstadvegen.
Areal til motorsport.
I arealdelen bør det setjast av areal til dette føremålet ved Leirmoøygarden.
17
Småbåthamn.
Småbåthamna i Gaupne er overfylt. Det bør setjast av areal på Gaupnegrandane, ved
utløpet av Engjadalselvi, til slikt føremål.
Område for hytter og fritidsbustader.
Det er stor etterspurnad etter tomter til hytter og fritidshus. Det bør leggjast til rette for
hyttebygging i alle delar av kommunen. For dei som bur i gaupne er det mest naturleg å
byggje i Leirdalen, Vigdalen, Engjadalen, på Indre Hafslo og langs Gaupnefjorden.
Gangvegsamband.
Dette er ei særs viktig sak når det gjeld tryggleik og miljø. Det må sikrast
gangvegsamband i heile bygda etter prinsippet ”folk til fots går kortaste veg”. Gangveg
frå Sandvik sør til sentrum må byggjast snarast. Det bør etablerast turstiar, t.d. langs
Jostedøla og Engjadalselvi.
Kommentar:
Dette er eit innspel frå eit politisk parti, synspunkta har også vore lagde fram i
kommuneplannemnda (formannskapet) sine arbeidsmøte knytt til denne saka.
Rådmannen finn det ikkje rett å kome med kommentar og tilråding.
45. E-post 10.01.07 frå Mads Skeie, eigar av gnr. 82 , bnr. 9, Gardavegen 25 i Gaupne.
Mads Skeie har forstått at det kan vere tomtemangel i Gaupne. Han er interessert i få
vite kva som er planane for hans eigedom og ber om å bli orientert i den vidare
planprosessen.
Kommentar:
Eigedomen til Mads Skeie ligg innafor det området som no er under regulering av Fuhr
Bygg AS/Norconsult.
Tilråding:
Merknaden er imøtekomen.
46. Brev, motteke 18.01.07, frå Audun Moen.
Audun Moen. Audun Moen er siviløkonom og har arbeidd med eigedom som
bedriftsrådgjevar. Han kjem i brevet sitt med nokre vurderingar om kva som skal til for
at Gaupne skal utvikle seg til eit sterkt kommunesenter.
Audun Moen peikar på at prisauke er viktig for at private aktørar har økonomi til
oppstart av bustadprosjekt. Innslag av ”spekulasjon” i eigedom er eit svært viktig
moment med tanke på å byggje opp eit sentrum. Det som kan trekkje folk til Gaupne er
attraktive tomter, arbeid og fritidstilbod til born. Shopping må skje i Sogndal.
”Flattugarden” er det beste området for bustadbygging i Gaupne. Ein bør generelt prøve
å plassere tomter i dei øvre delane av Gaupne. Ei urbanisering av bustadmønsteret er
likeeins ein føresetnad for å trekkje folk.
Randsona til Gaupne bør utvidast, jf. bustadbygging på Nes og i Marifjøra.
Ungdom saknar urbane tilbod.
Badeland er viktig, det bør plasserast i eller ved Pyramiden. Sentrum bør fortettast i
området mellom Pyramiden og skulane. Det beste er om Pyramiden kan utvidast.
Kommentar:
18
Dette er eit generelt innspel.
Tilråding:
Kommuneplannemnda notere seg innhaldet i innspelet frå Audun Moen.
47. Brev av 14.03.07 frå Luster Hundeklubb v/Rune Lie Veum.
Luster Hundeklubb ønskjer å nytte eit område på Røneidsgrandane som treningsområde.
Kommentar:
Røneidsgrandane er regulert.
Tilråding:
Kommuneplannemnda noterer seg innhaldet. Merknaden blir nærare vurdert i
samband med eiga sak knytt til opprusting av Røneidsgrandane.
48. Ungdommens kommunestyre, møte 20.06.07, sak 081/07, innspel til
”Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2007 – 2019.”, generelle pkt
som er relevante for arealdelen:
- ”Skating” som ein aktivitet for både nye utøvarar og meir vidarekomne
(Tusenårsstaden).
- Badeanlegg (anlegg for symjesport).
- Kunstgrasbane i Gaupne.
- Friidrettsanlegg med fast dekke
Kommentarar:
Bortsett frå symjeanlegget/badeland er dette innspel som ikkje krev endring av
arealplanar. Bade/symjeanlegget blir handsama som eiga sak.
Tilråding:
Kommuneplannemnda notere seg innhaldet i innspelet frå Ungdomens
kommunestyre.
49. Telefonsamtale 23.10.07 med Ellen Borch Veum.
Ellen Borch Veum ønskjer at delar av eigeomen gnr. 89, bnr. 4, bnr. på Røneid blir lagt
ut som område for bustadbygging.
Kommentar:
49/4 er eit småbruk med samla areal på knapt 50 daa på Røneid. Det meste av dette er
bratt utmark. Største delen av utmarka ligg i område med potensiell rasfare, jf. NGU sitt
skredsonekart. Det området som er aktuelt som utbyggingsområde, er på om lag 3-4 daa
og ligg nedanfor bustadhuset på eigedomen, utanfor denne skredfaresona. Området er
bratt og austvendt. Området kan koplast til offentleg vassforsyning, medan det ikkje er
utbygt offentleg avløpsanlegg i dette området. Dersom avløp skal førast inn på offentleg
anlegg, må det leggjast leidning over Jostedøla. Ei mindre utbygging forsvarar ikkje
dette økonomisk. Utbygging må såleis baserast på private avløpsløysingar. Aktuell
vegtilkomst er frå gamlevegen frå Røneid mot Jostedalen.
Tilråding:
19
Merknaden blir imøtekomen. Eit mindre område blir lagt ut som byggjeområde
for bustader, med krav om utarbeiding av reguleringsplan.
Jostedalen – Vigdalen - Leirdalen:
50. Referat frå folkemøte 18.04.06:
Vangsen - Fagredalen bør få status som eit utviklingsområde for friluftsliv, fjellturisme
og treningsområde for langrenn. Dette inneber høve til å køyre opp løyper i området
samt høve til å byggje skitrekk eller liknande for å utvikle potensialet for fjellturisme.
Kommunen bør straks syte for at det vert laga gangveg langs riksvegen frå eldresenteret
i Jostedalen framover til avkøyrsla til byggjefeltet.
Kommentar:
Området Vangsen – Fagredalen ligg delvis inne i området som skal utgreiast i samband
med vernesaka knytt til Breheimen. Dette området blir i arealdelen markert som område
som skal bandleggjast for vern i medhald av lov om naturvern. Luster kommune skal
delta aktivt i ein omfattande prosess fram til vernesaka blir avgjort. Det er vanskeleg for
kommunen, per i dag, å avgjere kva arealbruk det evt. kan og bør opnast for i
randsonene.
I arealdelen frå1991/98 er det ikkje vist gang- og sykkelveg langs riksvegen frå Gjerde
til Haugåsen bustadfelt. Området er heller ikkje regulert. Det kan vere vanskeleg tilhøve
for gåande her, spesielt er brua over Krundøla smal.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Området Vangsen – Fagredalen blir markert
som landbruks- natur- og friluftsområde (LNF-område) utan spesiell påteikning.
Det blir markert gangveg frå Gjerde sentrum til Haugåsen bustadområde.
Merknaden blir oversendt fylkesmannen som innspel i vernesaka.
51. Brev av 23.10.06 frå Jon Evjestad, gbnr.91/5 i Leirdalen. Evjestad ynskjer å
tilretteleggja for hytteområde Sandbakken på eigedomen sin.
Kommentarar:
Det er ikkje kjent at det er konflikter knytt til hyttebygging i dette utmarksområdet.
Området ligg nær inntil det området som er under utvikling for langrennsaktivitet. Det
må takast omsyn til dette.
Tilråding:
Det omsøkte området blir lagt ut til landbruks- natur- og friluftsområde (LNF-
område) for spreidd hyttebygging. Det blir opna for å byggje inntil 10 hytter.
52. Innspel av 25.08.06 frå Erling Bjørn Vigdal, eigar av gbnr. 36/1 i Vigdalen. Han ynskjer
2 område på eigedomen sin lagde ut som byggjeområde for hytter.
Kommentar:
Det har lenge vore etterspurnad etter hyttetomter i Vigdalen, her har vore jamn
hyttebygging dei seinare åra. På og rundt Vårstølen ligg det no 15 -20 hytter og stølshus
20
som er ombygde og tekne i bruk som fritidshus. I arealdelen frå 1998 er alt område lagt
ut som landbruks- natur og friluftsområde (LNF-område). Frådeling av hyttetomter og
bygging av hytter har såleis vore avhengig av at det blir gjeve dispensasjon frå
arealdelen. Dei to parsellane Erling Bjørn Vigdal ønskjer å leggje ut som hytteområde
ligg på Vårstølen, 1 – 1,5 km frå øvste garden i Vigdalen. Det eine området, mellom
vegen og elva, er myrlendt og delvis oppdyrka. Det andre ligg som overflatdyrka
område på oversida av vegen. Vidare hyttebygging i området ved Vårstølen bør no skje
ut frå ei samordna planlegging Det bør utarbeidast ein større flatereguleringsplan som
omfattar fleire eigedomar. I denne omgang er det berre Erling Bjørn Vigdal som har
meldt interesse for vidare hyttebygging.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Arealet på nedsida av vegen, utanom det som
er dyrka opp, blir vist som hytteområde, med krav om utarbeiding av
reguleringsplan. Det blir elles vist til konsekvensvurderinga knytt til området.
53. Brev av 30.01.07 frå Vanndalen Sameige i Jostedalen, ved Agnar Kveane.
I ”Hytteplanen ” frå 1996 er det avsett eit hytteområde, H2, ved Myri i Vanndalen. Det
har vore lita eller ingen interesse for å byggje hytter her. Vanndalen Sameige ber om at
hytteområdet blir utvida mot aust, for å gjer området meir attraktivt.
Kommentar:
Myri er ein tidlegare vårstøl som ligg om lag 550 m.o.h. Dei fleste stølshusa er borte og
stølsområdet er i ferd med å gro att. Det har vore lita interesse for hyttebygging her.
Tilråding:
Myri, og eit område kring stølen, inkl. det som Vanndalen Sameige og Olav
Bruheim har kome med innspel om, blir vist som landbruks- natur- og
friluftsområde med høve til å byggje inntil 10 hytter som spreidd utbygging, utan
vidare plankrav.
54. Samtale med Olav Bruheim 05.02.07.
Olav Bruheim ønskjer at det blir høve til å byggje hytter på gnr. 198, bnr. 5, på Myri i
Vanndalen.
Tilråding:
Det blir vist til kommentar og tilråding knytt til innspelet frå Vanndalen Sameige,
merknad nr. 53.
55. Brev av 14.02.07 frå Erik Leirdal.
Erik Leirdal eig gnr. 91, bnr. 2, i Leirdalen. Han ønskjer at det blir høve til å byggje om
lag 10 hytter på eit område som ligg ved austenden av demninga i Leirdalen.
Kommentar:
Det er ikkje kjent at det er spesielle interessekonflikter her.
Tilråding:
Det omsøkte området blir lagt ut til landbruks- natur- og friluftsområde (LNF-
område) for spreidd hyttebygging. Det blir opna for å byggje inntil 10 hytter, utan
vidare plankrav.
21
Nes – Luster:
56. Søknad av 25.08.06 frå Magne Moen om omdisponering av areal for bygging av veg og
hus nr. 2, samt frådeling av bustadtomt på gbnr.72/3 på Nes.
Kommentar:
Denne søknaden vart handsama av det faste utvalet for plansaker ,FUP, i møte
28.02.07, sak 08/07. FUP gjorde slikt vedtak:
”Det faste utvalet for plansaker avslår i medhald av § 7 i plan- og bygningslova søknaden om frådeling av
byggetomt i 100-metersbeltet langs Lusterfjorden.
Avslaget blir grunngjeve med at omsøkte frådeling vil klart vera i strid med nasjonale mål og retningsliner
for forvaltning av strandsona, og at det ikkje føreligg slik grunngjeving for søknaden som kravd i § 7 i
plan- og bygningslova.
Bygging av bustadhus nr.2 som er nødvendig for drifta av landbrukseigedomen fell ikkje inn under
byggeforbodet i lova sin § 17-2 og arealdelen til kommuneplanen. Men det faste utvalet for plansaker vil
sterkt oppmoda søkaren om velja ei husplassering utanfor 100-metersbeltet langs fjorden, slik at
bygningen og naturleg tilhøyrande tiltak ikkje kjem i konflikt med dei omsyn som nemnde paragraf og
friluftslova skal ivareta.
Forvaltning og bruk av strandsona i omsøkte område blir å vurdera nærare i samband med pågåande
revisjon av arealdelen i kommuneplanen.”
Dersom det skal bli høve til å dele frå tomt eller byggje bustadhus nærare sjøen enn 100
m, jf. reglane i § 17-2 i plan- og bygningslova om byggjeforbod i 100 m-beltet langs
sjøen, må området inngå i eit byggjeområde eller i eit landbruks- natur- og
friluftsområde der det er område der det er tillate med spreidd bustadbygging.
Nes er ein av dei få stadene der riksvegen langs nordsida av Lustrafjorden ikkje ligg
nær, eller i, strandsona. På den aktuelle eigedomen er det innmark mellom fjorden og
riksvegen. Stranda er såleis ikkje lett tilgjengeleg frå landsida. Frå sjøsida er heile
strandsona på eigedomen lett å kome til, med slake svaberg og grunne sjøområde
utanfor.
Nes, med Ongulsnes lykt, er også eit karakteristisk kultur- og naturlandskap langs
fjorden. Dette bør ivaretakast så langt det er mogleg, t.d. ved å halde 100-metersbeltet fri
for nye bygningar som ikkje er knytt til stadbunden næring. Rådmannen viser elles til
faglege fråsegner som kom inn i samband med handsaming av frådelingssøknaden i
FUP, jf. ovanfor.
Tilråding:
Merknaden (søknaden) blir ikkje imøtekomen. Området blir vist som landbruks-
natur-og friluftsområde (LNF-område).
57. Brev av 01.07.06 frå Lars Kalstad. Kalstad ynskjer å leggja til rette for bustadbygging
på eigedomen sin Hengesteg gbnr. 51/6.
Kommentar:
Den aktuelle parsellen som er på om lag 20 daa, ligg ved Flahamar, om lag 3 km sør for
Dale. Parsellen ligg i dag som bratt umark, med terrenghalling på om lag 1 :3. Området
er austvendt. Det bratte terrenget og avstanden til sentrumsfunksjonar som butikk og
skule, gjer at områder høver dårleg som bustadområde.
22
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. 51/6 blir framleis vist som landbruks-, natur-
og friluftsområde.
58. Styret for Skulehuset Fredheim v/Arne Bondevik, ber om at ein del av deira eigedom
gbnr.71/40 skal kunne nyttast til nausttomtar.
Kommentar:
Dette gjeld eit tidlegare hageområde sør for det tidlegare skulehuset på Nes. Avstanden
mellom riksvegen og sjøen er her 17 – 20 m. Den sørlegaste delen av 71/40 er ein smal
parsell, omlag 10 m brei. Han grensar i sør mot eksisterande naust(tomt). Her ligg nokre
bustadhus og hytter på oppsida av vegen. Dei som bur i området nyttar skulen sitt
område langs sjøen som badeplass og stå for småbåtar. Det bør vere plass til 1 til 2 naust
til her utan at det går ut over bruken i dag eller generelle interesser knytt til stranda.
Tilråding:
Eit mindre område blir lagt ut som byggjeområde for inn til 2 naust i gruppe. Det
blir ikkje stilt vidare krav om plan.
59. Olav Næss, eigar av gbnr. 71/6, ynskjer å regulera deler av eigedomen/området mellom
Rv.55 og sjøen til føremålet utleigehytter. Eigedomen ligg mellom Nes og
Høyheimsvik.
Kommentar:
Dette er ei sak som opphavleg vart fremja i 2004. Olav Næss sende då ein førespurnad
om å få setje i gang reguleringsarbeid for ein parsell av 71/6 som ligg mellom riksvegen
og sjøen like nord for den tidlegare Nes skule. Avstanden mellom riksvegen og fjorden
er her om lag 30 m. Føremålet med reguleringa skulle vere å leggje til rette for
utbygging av utleigehytter. I samsvar med gjeldande reglar for sakshandsaming vart
førespurnaden lagt fram for fagorgan på fylkesnivå. Statens vegvesen og fylkesmannen
v/ miljøvernavdelinga rådde frå at reguleringsarbeidet vart sett i gang. Det faste utvalet
for plansaker, FUP, signaliserte ei negativ haldning til utbygging her og gav elles
uttrykk for at reguleringsarbeidet ikkje burde vore sett i gang før arealdelen av
kommuneplanen er revidert. Saka vart sendt over til kommunestyret, som med 22 mot 7
røyster gjorde vedtak om at det ikkje ville ta stilling til reguleringsplan før
kommuneplanen sin arealdel er revidert.
Olav Næss fremja 24.05.05 ei revidert skisse til reguleringsplan og ba om ny kommunal
hadsaming. FUP og kommunstyret handsama saka på nytt, kommunestyret gjorde slikt
vedtak:
”Prinsippa for utbygging av eigedomen gbnr. 71/6 mellom riksvegen og fjorden er ikkje endra i høve
tidlegare framlagde skisser, jf. vedtak i det faste utvalet for plansaker – sak 23/05. Då innhaldet i planen
framleis er i strid med overordna prinsipp for bygging i strandsona og byggeavstand til veg, vert det ikkje
tilrådd å utarbeide reguleringsframlegg som omsøkt.”
Luster kommune utarbeidde 2005 ei strandsonevurdering. Strandsonevurderinga er eit
administrativt fagdokument som omfattar strandsona langs Lustrafjorden. I rapporten er
det m.a. plukka ut 8 stader lands fjorden der det ikkje, eller i svært liten grad bør, opnast
for utbygging eller inngrep. Dette gjeld t.d. område der det er utmark (allemannsretten
gjeld) mellom veg og fjord og der også terrenget er så slakt at stranda er tilgjengeleg.
Utanom badeplassane i Høyheimsvik og på Flahamar, er det berre eit par stader att langs
23
riksveg 55 ein finn slike område.
Spørsmålet om omdisponering på 71/6 blir no lagt fram for vurdering i samband med
utarbeiding av ny arealdel. Dersom det blir lag ut som byggjeområde
blir byggjeforbodet etter reglane i § 17-2 i plan- og bygningslova oppheva, medan ny
byggjegrense mot riksveg må fastsetjast i reguleringsplanen.
(I innspel til saka som er nemnd ovanfor, varsla Statens vegvesen at dei vil ha
byggjegrense på minst 20 m. Dette tilseier at evt. bygging må skje på fylling i sjøen).
Rådmannen kan ikkje sjå at dei overordna vurderingane som ligg til grunn for
utforming av ny arealdel, tilseier at det kan opnast for utbygging her.
Tilråding:
Innspelet frå Olav Næss blir ikkje imøtekome. Området blir vist som landbruks-
natur- og friluftsområde med vekt på friluftsliv.
60. Per Høyheim, eigar av gbnr.71/5 i Høyheimsvik, har i samband med endring av
reguleringsplan Høyheimsvik, bede om at det blir regulert inn område for fritidsbustader
på delar av hans eigedom. Området grensar til bustadfeltet.
Kommentar:
Dette gjeld område som er blitt nærare vurdert ved utarbeiding av ny reguleringsplan for
Høyheimsvik. Denne planen har lege ute til offentleg ettersyn. Det blir vist til
handsaming knytt til handsaming av denne planen.
Tilråding:
Kommuneplanutvalet noterer seg innhaldet i merknaden.
61. Brev av 15.08.06 frå Marianne Hauglum og Olav Døsen Andersen. Dei ynskjer å utvikla
ei turismenæring på eigedomen sin, Døsen i Luster. I tillegg ynskjer dei å dela frå eit
areal mellom Nygard og Dale kyrkje til bustadfelt med om lag 6-8 tomtar.
Kommentar:
Dette gjeld i hovudsak område som ligg innafor gjelande reguleringsplan for Dale
sentrum. Denne planen skal reviderast, jf. planleggingsprogrammet.
Olav Døsen Andersen/Fasit AS har seinare meldt oppstart av reguleringsplan for
bustadfelt ”Kvitevollen” v/Dale kyrkje. Planutvalet har rådd til at reguleringsarbeidet
blir sett i gang.
Kommuneplanutvalet noterer seg innhaldet i merknaden. Dei aktuelle sakene blir
handsama som reguleringsendringar.
62. Brev av 19.03.07 Asbjørn Månum, Nes Gard, gbnr. 72/2.
Nes Gard ønskjer å leggje ut eit mindre hytteområde for 6 – 8 hytter langs
skogsbilvegen på Nes. Hyttene er tenkt plasserte i furuskogen om lag 150 – 200 m.o.h.
Kommentar:
Den innsende kart skissa viser eit areal på omlag 10 daa. Ut over vanlege
utmarksinteresser er det ikkje kjent at det er spesielle interesser knytt til det omsøkte
tomteområdet. Gnr. 72, bnr 2, Nes Gard, driv i dag med turisme. Der ikkje kjent om
24
eigaren ønskjer å etablere utleigehytter her, eller om tomtene skal seljast/ frådelast.
Bilvegen fram til området tek av frå riksvegen i krysset ved Nes Camping/
bustadområdet på Orrhaug.
Tilråding:
Merknaden blir imøtekomen. Det omsøkte området blir markert som
byggjeområde for hytter, med krav om utarbeiding av reguleringsplan.
63. Brev av 21.08.07 frå Ottar Jan Bolstad. Ottar Jan Bolstad eig gbnr. 47/28 på Døsen i
Luster.
Ottar Jan Bolstad er næraste nabo til taubanestasjonen. Han meiner taubanestasjonen bør
rivast, slik at riksvegen kan utrettast og ut betrast på strekninga. Det bør også byggjast
gang- og sykkelveg på sjøsida av riksvegen. Ei slik utbetring av riksvegen vil også gje
rom for betre kryssløysingar i området.
Kommentar:
Døsjagrovi Kraftverk AS har søkt om bygging av kraftstasjon i dette området, i samband
med dette er det varsla oppstart av arbeid med regulering av området. Luster kommune
har klarert at reguleringsarbeidet blir sett i gang. Dei spørsmåla Ottar Jan Bolstad tek
opp, bør løysast gjennom dette reguleringsarbeidet.
Tilråding:
Kommuneplanutvalet noterer seg innhaldet i merknaden. Dei aktuelle sakene blir
handsama som ein del av reguleringsarbeidet knytt til kraftstasjon for Døsjagrovi
kraftverk.
Skjolden og Fortun:
64. Brev av 04.08.06 frå Liv Judit Bolstad. Bolstad ber om at delvis bruksendring av
landbruksareal i Mørkridsdalen tilhøyrande gbnr. 20/13 med tanke på etablering av
motorsportanlegg.
Kommentar:
Dette gjeld ein teig på om lag 37 daa flatt jordbruksareal. Dersom arealet skal leggjast ut
som motorsportanlegg, må det konsekvensutgreiast, spesielt med tanke verknader av
støy frå anlegget. Arealet er for lite for eit større motorsportanlegg. Plassering i
Mørkridsdalen vil heller ikkje vere god med tanke på avstand til større brukargrupper.
Det vil også truleg bli konflikt med andre interesser i området som t.d. aktivitetar knytt
til naturbasert turisme. Området blir samla vurdert som lite aktuelt for motorsport.
Tilråding:
Merknaden blir ikkje imøtekomen. Området blir vist som landbruks-, natur- og
friluftsområde (LNF-område).
65. Søknad av 10.03.06 frå Jan Erik Bolstad om frådeling av bustadtomt på eigedomen
gbnr.17/26 i Skjolden.
Kommentar:
Gnr. 17, bnr. 26 er ein eigedom på 6 daa i Eidsbakkane. Det faste utvalet for plansaker
25
Heile eigedomen ligg innafor det som av NGU er definert som potensielt rasfarleg
område, jf. også merknad nr. 67, vurdering av rasfare i område tenkt nytta til
cruiseskipskai. Jan Erik Bolstad søkte i 2006 om frådeling av tomt med hytte og ei
bustadtomt. Søknaden vart imøtekomen for det som galdt hytta, men avslegen for det
som galdt ny bustadtomt.
Eidsbakkane er i gjeldande vist som landbruks-, natur- og friluftsområde, LNF-område.
Det ligg i dag fleire bustader i området. Det kan bli aktuelt å utnytte området til bygging,
spesielt med tanke på auka aktivitet etter etablering av cruiseskipskai. Dersom området
blir vurdert å vere sikkert mot ras, eller kan rassikrast, bør det vere aktuelt som
byggjeområde.
Tilråding:
Eidsbakkane, inkl. 17/26, blir vist som byggjeområde for bustader. Det blir sett
krav om området må regulerast.
66. Brev av 01.01.07 frå Fjordstova as, Skjolden Aktiv, IL Fanaråk og Skjolden Bygdalag.
Brevet inneheld ei liste over tiltak i Skjolden som bør takast inn i arealdelen.
Næringsområde:
Området frå Hydrokaien til Neset og langs Eidselvi, mellom bruene.
Bustadområde:
Område mellom Asheim og Bukve, området frå Losjehuset til Lerkeskogen og delar av
Halvardhagen.
Hytteområde:
Området frå Fjøsnaneset mot Hatleviki, område ved Eidsvatnet og område mellom
Bolstadvegen og Stengelsvegen.
Veg:
Samanbinding av vegane i byggjefeltet Bolstad 2, frå Sandalunden til Bolstadvegen
Parkeringsplassar:
Utvida plassar ved idrettsbana, Wittgensteintavla og Hyrnevollen.
Gangvegar:
Langs riksveg 55 mot Fjøsne og langs Eidsvatnet mot Galdaneset/Wittgensteintavla.
Anna:
- Rasteplass ved Fjøsnaneset.
- Gangsti frå Eide bru mot friareal ved Klakken.
- Veg og tomt mot hytta til Wittgenstein
- Kai ved Wittgensteintavla
- Utvida areal framfor Fjordstova mot Mørkridselvi
Kommentar:
Området frå Hydrokaien er under regulering til næringsføremål, jf. planen for Skjolden
Brygge, trinn 2 og 3. Det aktuelle området langs Eidselvi, på 17/1, mellom bruene, ligg i
dag som eit belte med krattskog. Området bør gjerast meit tilgjengeleg, men det er smalt
og lite høveleg til byggjeområde, næring.
26
Etter det rådmannen har fått opplyst, ligg dei områda ein ønskjer omdisponert til
bustadføremål, dvs. området frå Losjehuset til Lerkeskogen, delar av Halvardhagen, og
området mellom Asheim og Bukve, innanfor område omfatta av reguleringsplan for
Bolstadmoen. Parkeringsplassane ved idrettsbana og området ved Fjordstova ligg
innafor område omfatta av reguleringsplan for Skjolden, jf. også merknad nr. 66 frå Per
Arvid Hauge. Endring av arealbruken bør skje gjennom reguleringsendring.
Hatleviki, over riksvegen kan vere aktuelt som hytteområde.
Området mellom Bolstadvegen og Stengelsvegen er svært bratt og lite høveleg som
byggjeområde for hytter.
Dei omtalte gangvegane langs fjorden mot Fjøsne og langs Eidsvatnet mot
Wittgensteintavla, må evt. realiserast som ”strandpromenadar/ rekreasjonsvegar” for
bruk sommarstid. Det er truleg svært liten trafikk av gåande her i vinterhalvåret. Begge
vegane er avhengige av vesentlege utfyllingar i strandsonene. Det er vanskeleg å sjå at
nytteverdien per i dag vil forsvare nødvendige inngrep og investeringar.
Kai ved Wittgensteintavla bør kunne handsamast som enkeltsak når det blir aktuelt.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Kommuneplanutvalet merkar seg innhaldet i
merknaden for det som gjeld regulerte område. Arealbruken her blir å endre ved
reguleringsendringar. I revidert arealdel blir følgjande tiltak viste:
- området langs Eidselvi, mellom bruene, blir vist som friområde
- eit område i Hatleviki blir vist som område for spreidd hyttebygging.
- det blir vist ny veg mellom Sandalunden og Bolstadvegen.
- parkeringsplass blir vist ved Hyrnevollen
- gangsti frå Eide bru mot Klakken
67. Brev av 08.01.07 frå Fortun Bygdelag v/Jan Norvald Steig.
Fortun Bygdelag har i brevet sett opp 9 punkt, 3 av desse gjeld arealbruk.
Kommunen må arbeide for å få 4 – 5 byggjeklare tomter i Drægni bustadfelt
Det må visast gang- og sykkelveg mellom skulen og bensinstasjonen.
Det må visast parkeringsplass ved utgangspunktet for fotturen til Fuglesteg.
Kommentar:
Drægni bustadfelt er regulert. Bygging kan ikkje ta til før tekniske anlegg er
opparbeidde. Tidspunkt og omfang av opparbeiding ligg utanfor det som blir fastsett i
arealdelen. Dersom ein ønskjer utbygging etter andre prinsipp, t.d. individuelle tekniske
løysingar, må reguleringsplanen opphevast. Dette må gjerast etter reglane som gjeld for
handsaming av reguleringsplanar. I arealdelen bør området framleis visast som
byggjeområde for bustader.
I Fortun ligg butikk, skule og forsamlingshus innan eit lite område. Ein er i tvil om
gang- og sykkeltrafikken mellom bensinstasjonen og skulen er så stor at det forsvarar
eigen gang- og sykkelveg.
For det som gjeld parkeringsplassen, blir det vist til kommentar til merknad nr. 73, frå
Kyrkjeleg Fellesråd.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Det blir sett av areal til ny parkeringsplass,
27
m.a. for dei som skal til Fuglesteg.
68. Telefonsamtalar 28.04. og 15.05.06 med Per Arvid Hauge, Skjolden. Han ynskjer å
byggje sjøbuer/naust på sin eigedom langs Mørkridselva, mellom den gamle (fjerna) og
den nye brua.
Tilråding:
Det blir vist til kommentar og tilråding knytt til merknad nr. 74.
69. Innspel på bygdamøte i Skjolden 23.03.06 om utarbeiding av reguleringsplan for
området der Wittgenstein levde.
Tilråding:
Det blir vist til kommentar og tilråding knytt til merknad nr. 66, frå m.a. Skjolden
Bygdelag.
70. Brev av 15.02.07 frå Øyvind Listou.
Øyvind Listou eig gnr. 125, bnr. 10 og 12 i Mørkridsdalen. Han ber om at dei 2
parsellane blir lagde ut som byggjeområde for hytter. Det er aktuelt med 3 tomter på
bnr. 10 og 5 tomter på bnr. 12. Øyvind Listou har i denne omgang teikna inn ein tomt
på kvar parsell.
Kommentar:
Dei eine av desse områda ligg på vestsida av Mørkridselvi, ved stølen Dalen. Det andre
ligg på Mørkrid, like ved eksisterande gardstun. Begge områda ligg i randsona for
området som skal utgreiast med tanke på vern av Breheimen. Dei ligg også innafor
område som merka som potensielt rasfarlege område på NGU sitt skredsonekart.
Området på Mørkrid vil bli liggjande nær føreslegen grense for eventuelt naturreservat
ved Drivandefossen. Ein har undersøkt saka nærare hjå fylkesmannen. Dei ser
plasseringa som uproblematisk i høve aktuelt verneområde og registrerte naturverdiar.
Tilråding:
Det blir lagt ut 2 byggjeområde for hytter i dei områda Øyvind Listou har peika
på. Områda må regulerast, evt. undersøkast nærare av geolog, jf. skredsonekartet.
71. Brev av 22.02.07 frå Mørkrid Sameige v/Johan Mørkrid.
Mørkrid Sameige ønskjer å leggje ut eit hytteområde ved sørenden av Åsetvatnet.
Kommentar:
Det omsøkte arealet ligg innafor utgreiingsområdet for Breheimen. I arealdelen vil
utgreiingsområdet bli vist som område som er bandlagt for vern i medhald av særlov.
Saka kan takast opp att dersom vedtekne verneplanar opnar for hyttebygging her.
Tilråding:
Innspelet frå Mørkrid sameige blir over sendt fylkesmannen som innspel til
vernesaka.
72. Brev av 17.04.07 frå Fiskeridirektoratet, Region Vest. Det blir låssett brisling på tre
ulike stader i bukta i Skjolden. Om det blir etablert cruiseskipskai, må det bli teke
28
omsyn til pågåande fiskeri, og også til verknadene av propellstraumar for fisk som står i
steng.
Kommentar:
Det er no i gang arbeid med konsekvensanalysar for cruiseskipskaien i Skjolden både i
samband med utarbeiding av denne arealdelen og i som ein del av reguleringsplan for
”Skjolden Brygge, trinn 2 og 3”. I den samanheng har vi også vore i kontakt med
Fiskeridirektoratet.
Dei tilhøva som Fiskeridirektoratet, Region Vest tek opp vil bli nærare vurdert i desse
konsekvensanalysane.
Tilråding:
Cruisekipskaien blir teken med i arealdelen. Det blir elles vist til konklusjonar i
konsekvensanalysane.
73. Brev av 29.06.07 frå Luster kyrkjeleg fellesråd.
Luster kyrkjelege fellesråd har fått tilbod frå Signe og Nils Weka om å få overta ein
parsell av gnr. 13, bnr. 6, i Fortun. Parsellen ligg mellom riksvegen og den gamle
gravplassen. Fellesrådet ser positivt på dette, overtaking, opparbeiding og drift bør vere
eit aktuelt samarbeidsprosjekt for t.d. Fortun Bygdelag, Luster Turlag og Luster
kommune.
Kommentar:
Den aktuelle parsellen er på knapt 2 daa, jordbruksareal. Det kan i periodar vere mangel
på parkeringsareal i dette området. Området kan vere høveleg for opparbeiding til
parkeringsplass.
Tilråding:
Merknaden blir imøtekomen. Området blir vist som trafikkareal i arealdelen.
74. Brev av 24.07.07 frå Per Arvid Hauge.
Per Arvid Hauge viser til tidlegare telefonsamtalar. Han ønskjer at det blir sett av areal
til 6 naust/sjøbuer på hans eigedom på vestsida av Mørkridselvi. Kvar sjøbu bør ha
plass til 2 familiar. Per Arvid Hauge kjem også med meir detaljerte framlegg til korleis
eit slikt turistanlegg kan utformast.
I seinare merknad av 19.09.07 har han kome med kommentarar til innspela frå Skjolden
Bygdalag m. fl. Han ønskjer at den regulerte parkeringsplassen, P2, mellom gardstunet
og riksvegen blir omregulert. Opparbeiding av denne vil føre til store ulemper for
stovehus og gardstun og evt. framtidig næringsverksemd. Vidare trekkjer han framlegget
om sjøbuer langs Mørkridselvi, dette området kan kommunen evt. få kjøpe. Dette
området kan evt. nyttast til parkeringsplass ved idrettsbana.
Kommentar:
Det omtalte området mellom idrettsplassen og Mørkridselvi er i regulert som
friluftsområde i gjeldande reguleringsplan for Skjolden. Dei endringane Per Arvid
Hauge kjem med framlegg om, bør evt. takast opp og handsamast som reguleringssak.
Tilråding:
Kommuneplannemnda merkar seg innhaldet i breva frå Per Arvid Hauge. Evt.
endringar her må evt. takast opp som reguleringssak. Reguleringsplanen for
29
Skjolden blir framleis gjort gjeldande for området.
75. Synfaring 01.08.07 i Skjolden. Vurdering av rasfare i området tenkt nytta til
cruiseskipskai. Fylkesgeologen var på synfaring 01.08.07. Det påtenkte området for
kaien er ikkje rasfarleg. For dei landbaserte anlegga er tilhøva meir problematiske. Han
vil kome med framlegg til korleis problem knytt til rasfaren kan løysast.
Kommentar:
Området er under regulering. Aktuelle sikringstiltak mot ras/steinsprang vil bli
innarbeidde i reguleringsplanen.
Kommuneplanutvalet noterer seg innhaldet i merknaden.
76. Brev av 02.11.07 frå Erling og Kjellaug Ormelid og frå Torill og Andreas Ottterhjell.
Ormelid og Otterhjell er eigarar av dei to bruka i Ormelid, gnr. 1, bnr. 1 og 2.
Dei ber om at arealdelen sikrar ei langsiktig forvaltning av kulturlandskapet her.
Tilråding:
Merknaden blir imøtekomen, jf. også tilråding knytt til merknad nr. 1. Ormelid
blir bandlagt for vern etter reglane i kulturminnelova.
Sørsida.
77. Brev av 14.08.06 frå Bjørn Vike og Melkior Sørheim. Vike og Sørheim ynskjer å leggja
ut eit hyttefelt på Sørheim (gbnr. 57/2) med plass for inntil 10 tomtar. Det går veg fram
til området i dag.
Kommentar:
Det omsøkte området ligg om lag 250 m.o.h., inne i eit slyng på skogsvegen til
Nystølen.
Det er ikkje kjent at det er andre spesielle interesser knytt til dette området.
Tilråding:
Det blir avsett eit areal til landbruks-, natur- og friluftsområde, sone der spreidd
hyttebygging er tillate, inntil 10 hytter, utan vidare plankrav.
78. Brev av 09.03.06 frå Ole Martin Bakken som ber om å få leggja deler av eigedomen sin
gbnr. 60/1 Kjøtnes ut til hyttebygging. Området ligg i dag som LNF-område, men det
vert ikkje drive tradisjonell gardsdrift på eigedomen.
Kommentar:
Kjøtnes er eit landemerke langs Lustrafjorden. Sjølv om det ikkje lenger blir drive
tradisjonell landbruksdrift på bruket, er dette eit velhalde kulturlandskap, utan bygningar
på nedsida av av vegen på sjølve neset. Området på neset, nedanfor fylkesvegen, bør
oppretthaldast som i dag, utan vidare utbygging. Det blir elles vist til
konsekvensvurderinga.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Område utanom det som er jordbruksareal og
30
sjølve neset, blir lagt som byggjeområde for fritidshus/turistanlegg. Det blir sett
krav om utarbeiding av reguleringsplan(ar).
79. Brev av 20.04.06.frå Nils Lerum. Nils Lerum ynskjer å nytta eigedomen sin gbnr. 58/7,
Leri på Sørheim, til turisme/hyttebygging eller liknande næring.
Kommentar:
I samband med overdraging av eigedomen til noverande eigar vart det, på oversida av
fylkesvegen, delt frå tomter til 4 hytter frå 58/7 i tillegg til den eine som ligg der frå før.
I tillegg vart det gjeve løyve til å dele frå felles nausttomt på om lag om lag 300 m2 ved
fjorden. Arealet på parsellen er bratt, men det det er nokre teigar med dyrka areal
innafor området. Det er heller ikkje kjent at det er spesielle interesser knytt til ålmenta
sin bruk av stranda her. Dei frådelte hyttene ligg tett. Dette, saman med det bratte
terrenget, talar for at området bør detaljplanleggast, jf. frådelingssaka frå 2000/2001
(Arkivsak 01/00261)
Tilråding:
Området blir vist som byggjeområde for hytter, med krav om utarbeiding av
reguleringsplan, § 12 i jordlova blir framleis gjort gjeldande.
80. Brev av 25.04.06 frå Morten Ramm Salbu. Salbu ynskjer å utarbeida ein reguleringsplan
over eigedomen Loven Gard, gbnr. 67/1, i Kroken med tanke på bustad, fritidsbustad og
næring/turisme. Fritidshusa er tenkt plasserte i området mellom fylkesvegen og fjorden,
butadhusa på oversida.
Kommentar:
I strandsonevurderinga frå 2005, er Låvaneset vurdert som eit av 8 område langs
Lustrafjorden der det ikkje, eller i svært liten grad, bør opnast for utbygging eller
inngrep. Låvaneset har mykje sol, spesielt på kveldstid om sommaren, og er mykje
nytta til båtutfart og bading. Det blir her også vist til innspelet frå ungdommens
kommunestyre, merknad nr. 81. Med unnatak av strandsona på og ved Låvaneset, bør
delar av utmarksareal på dette bruket kunne leggjast ut til byggjeområde, både for
bustader og fritidshus.. Det blir elles vist til konsekvensvurderinga.
Tilråding:
Merknaden blir delvis imøtekomen. Delar av gnr. 67, bnr. 1, Låven, blir lagt ut
som byggjeområde. Aktuelle område på oppsida av vegen kan regulerast til
bustadbygging og fritidshus.
81. Brev av 21.08.07 frå Fortidsminneforeningen.
Fortidsminneforeningen finn at auka besøk i Urnes Stavkyrkje som følgje av
cruisetrafikk i Skjolden ikkje vil vere større enn at kyrkja vil tole det.
Tilråding:
Planutvalet merkar seg innhaldet i brevet frå Fortidsminneforeningen.
82. Ungdommens kommunestyre, møte 20.06.07, sak 081/07, innspel til ”Kommunedelplan
for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2007 – 2019.”, eitt av fleire pkt:
Tilrettelegging for friluftsaktivitet (båtfeste, sitjeplassar og grilling) ved Låvaneset i
31
Kroken.
Kommentar:
Det blir vist til kommentar til merknad nr . 79, frå Morten Ramm Salbu om utbygging
på Låven gard. Sjølve tilrettelegginga er ikkje eit spørsmål som blir handsama som ein
del av arealdelen.
Tilråding:
Merknaden er delvis imøtekomen. Låvaneset er lagt ut som landbruks-, natur- og
friluftsområde.
____ _______________________________________________________________________
Get documents about "